Vi har sett stor frustrasjon over at politikarane ikkje berre kan fikse dette med straumprisen. Det kostar jo nesten ingenting å produsere straum i Noreg, korleis kan situasjonen komme så ut av kontroll?

Bakteppet er at folk ikkje kan betale straumrekninga. Regjeringa si krisepakke ser no ser ut til å ikkje vere i nærleiken av å monne. Prisen tikka over 6 kroner kilowatttimen sør i Noreg 21. desember. Vi har allereie sett pris på over 10 kroner kilowattimen i Finland. Det er lenge til vårflaumen, og det skal det bli kaldare.

I den dyraste timen 21. desember, time 17-18, vart det overført kring 3400 megawattimar frå NO5 (Bergensområdet) til NO1 (Osloområdet). Dette er meir enn forbruket var i NO5 denne timen, og det svir skikkeleg for folk i regionen. Seks-kronar-kilowatten-svir. Magasinfyllinga i regionen er faretruande låg. Truleg må kraftverka skvise ut meir produksjon enn kva som er optimalt, slik at det går meir vatn per kilowattime. Men kva skulle Oslo ellers gjere?

Mange har stussa over at det går så mykje straum ut av landet. Enkelt sagt er det fordi prisen på energi er sett (enda) høgre i andre land. Prissetjing gjer kraftprodusentane for å å maksimere profitt, men den vil reflektere kor knappe ressursane er, både nett no og fram til vårflaumen. Ingen kraftprodusent vil vere tom når markedet er enda meir pressa, og prisane held fram å stige. Om andre kraftprodusentar sett prisen lågare, vurderer dei sine ressursar som meir romslege. Pris fungerer som desentralisert produksjonsplanlegging.

Det ser ut som norske produsentar vurderer ressursane som veldig knappe, men framleis meir romslege enn landa vi eksporterer til.

Det er eit bakteppe bak bakteppet: Det er mangel på energi i Europa. Og vi veit ikkje eigentleg kva vi skal gjere for å møte det. Problemet er djupare enn pris, djupare enn marknadsstyring. Krisa i haust og vinter gir ein peikepinn på kor lite klare vi er til å slutte med fossile kjelder. Alternativa for land utan vasskraft er (om vi ser vekk frå atomkraft, som fleire land også held på å avvikle), lite stabile kjelder, som sol og vind. Kapasiteten på vindkraft i Tyskland er enorm. Det er, som vi har sett, lite hjelp i når det ikkje bles. Korleis møter vi dei store svingingane i tilgangen på energi vi får ved å fase ut fossile kjelder? Kva gjer vi når vi faktisk har for lite tilgang? Kva ansvar har Noreg?

Burde vi overføre straum når situasjonen i Noreg er så pressa? Det er eit legitimt spørsmål å stille. Eit anna legitimt spørsmål å er kva land med kraftunderskot ellers skal gjere.

Dei høge prisane er eit signal om ein akutt situasjon. I møte med mangel på energi er det få som løfter fram politiske tiltak for å spare eller regulere forbruk (bortsett frå å kutte sal til land som etter alt å dømme har det vanskelegare). Burde vi ikkje hatt storstilt satsing på enøk-tiltak?

Prisane i seg sjølv er så dramatiske at det overdøyver det eigentleg underliggande problemet. Og prisane gjer ein dårleg jobb for å regulere forbruk. Teorien er at høge prisar hindrar rasjonering. Kanskje. Eller vi kan få først høge prisar, og så rasjonering. Gjennom hausten har vi høyrt historier om folk som må kutte naudsynt forbruk for å klare straumrekninga. Desse blir det fort mange av, og det kan bli fare for liv å helse. Scenario der høg pris lykkast med å senke forbruket tilstrekkeleg, blir fort eit skrekkscenario.

Vi må få kontroll over prisane til forbrukarane. Vi må redusere forbruket. Vi må ha ein effektiv fordeling av kraftproduksjonen. Og vi må finne betre måtar å møte energimangel på. I Noreg, og i Europa. Om vi skal løyse energikrisa må vi sjå det store bilete, og halde mange tankar i hovudet.