Talet på arbeidsplassar i industrien er halvert frå 1975-2019 (SSB). Mange bedrifter er lagt ned, også i Trøndelag. Og det rammer lokalsamfunnet og ansatte sterkt når 79 arbeidsplassar forsvinn i Steinkjer. Men det er sjeldan det blir så mykje debatt som når akkurat bondens bedrift legg ned. Når andre bedrifter legg ned og «tilpasser anleggsstrukturen», er det ikkje mykje debatt.

Samtidig er prisen bonden får ved levering av slakt knapt auka siste 30 åra. Svinekjøtt er også prisa så lågt i butikk at enkelte hundeeigarar har oppdaga at det er å billegare enn hundefor! Samtidig kaster vanlege folk i Norge 43 kilo mat per år i gjennomsnitt ! (NORSUS rapport 2020). På same 30 åra er lønningane meir enn tredobla.

Vi har for lengst oppnådd høgaste lønnsnivået i verden, og dette berre held fram, dessverre (ein kunne håpe at koronapandemien ville gje lønnsnedgang i Norge, men pandemien vart for kortvarig til det). Det særnorske lønnsnivået gjev eit særnorsk og høgt kostnadsnivå, som også Nortura må forholde seg til. Samtidig er vi inne i ein ny trend med lågare kjøttforbruk. Eg kjenner ikkje svinebøndenes økonomi inngåande, men som mjølkebonde må eg nøye meg med ei inntekt på rundt halvparten av ein industriarbeider. Som mediegar i bondens bedrifter er årleg utbytte frå Nortura og Tine ein del av inntekta.

Ei ekstra utbetaling på mellom fem til ti tusen kjem godt med på ei for lita bondeinntekt. Norturas kostnader påverker resultatet og utbetalinga, og sjølvsagt også slaktprisen. Kostnadene til konsernet er for høge, og det er overkapasitet på slakting og skjæring.

Alt dette må Nortura forholde seg til, og da er svaret nedlegging. Dette er resultat av heilt feil samfunnsutvikling, og ikkje Nortura sin feil. Så enkelt og så trist er det.

Kjøttprisane må kraftig opp, lønningane må ned og heile husdyrnæringa må bli meir berekraftig og få betre rammevilkår.