Difor vernar vi Skarnsundet – og dette inneber vernet

Halden 20200626. 
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tar første spadetak på utgravingen av Gjellestadskipet.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Halden 20200626. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tar første spadetak på utgravingen av Gjellestadskipet. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix Foto:

Av

Allereie i 2004 blei området peika ut som eit kandidatområde for marint vern.

DEL

Meninger"Dette er en sorgens dag", sa Marit Arnstad (Sp) til Trønder-Avisa da det vart kjend at Skarmsundet er eit av ni nye marine verneområde i Noreg. Det var det ikkje – tvert imot.

Skarnsundet er eit unikt kystområde. Området er prega av ein sterk tidevasstraum og rike førekomstar av korallar, som verdas grunnaste kjente førekomst av steinkorallen øyekorall, her funne på 37 meters djup. Sjøbotnen er også uvanleg artsrik med mellom anna sjøroser, vampar, sjøbusker og sjøtrær. Kaldvasskorallane er av både nasjonal og internasjonal verdi og gjer at området mellom anna trekkjer til seg dykkarar.

Tysdag fekk Skarnsundet status som marint verneområde. Området er no eitt av 15 område langs kysten i Noreg, og eitt av fire område i Trøndelag, som på denne måten har fått eit særskild vern mot framtidige inngrep som kan skade naturen.

Dykking vil framleis vere lov i verneområdet. Det vil også vere lov å bade, fiske og køyre båt. All aktivitet som går føre seg i dag kan halde fram. Men vernet inneber at dersom det blir aktuelt med meir omfattande ny aktivitet i området, kan dette berre gjennomførast dersom aktiviteten ikkje er til skade for dei verdiane vi ønskjer å ta vare på. Dette meiner eg er både rett og viktig.

Vedtaket markerte samstundes starten på eit auka fokus på naturverdiane i området og slutten på ein lang prosess. Allereie i 2004 blei området peika ut som eit kandidatområde for marint vern. Den formelle verneprosessen for området starta i 2009. Verneforslaget har sidan den gang blitt drøfta på folkemøte og vore på brei høyring. I denne prosessen har lokale styresmakter og lokalbefolkninga blitt lytta til.

Lokale innspel førte mellom anna til at det opphavelege verneforslaget på 36 kvadratkilometer blei halvert til dagens verneområde på 18 km 2 . Etter lokale ønske er det også utarbeida utkast til forvaltningsplan for verneområdet parallelt med prosessen for å få vernet på plass. Slik er innhaldet i vernet av dette området klarlagt så langt som mogeleg.

Sidan Klima- og miljødepartementet fekk eit endeleg råd om å verne området i 2016, har departementet fleire gangar hatt kontakt med lokale politikarar om saka. Vernevedtaket har vore varsla i statsbudsjettet og var opphaveleg venta i 2019.

Skarnsundet har naturverdiar de kan vere stolte av lokalt – og som eg som klima- og miljøminister er stolt av at vi no tar særskild vare på også for framtidige generasjonar.

Artikkeltags