Christian Krohgs måleri «Leiv Eriksson oppdager Amerika» er ein kjempemessig (313x470 cm) reklameplakat laga til Verdsutstillinga i Chicago i 1893. Den skulle mellom anna feire oppdaginga av Amerika av Columbus 400 år før. Nordmennene ville vise dei var der fyrst. Einslags kopi av Gokstadskipet vart også sigld over og var godt sjødyktig.

Biletet er eit godt laga skutebilete og viser kor god Krohg var på å fange augneblinkar (som også viser seg i hans skrifter, nesten ein fotografisk snap-shot-aktig skildringsmåte, slik også Obstfelder er ein meister til), skjønt det nyttar seg av historiemåleriets posering og skaper eit ja, flott, men illusorisk inntrykk av at desse velpleide, søndagskledde sjømennene utan snørr og salt i bartane er komne strake vegen frå Noreg for å oppdage Vinland – istaden for å sigle langsetter kysten frå Grønland til dei kom til ein gjestmild nok stad. Det er eit artig objekt, men ikkje Krohgs viktigaste verk og demonstrerer samtidas nasjonale oppvakning.

Det er brotet med den karakteristiske Krohgske naturalismen, vurdert på høgde med det beste av sitt slag i Europa av kunsthistorikaren Sjåstad, og bruken av romantiske idiom, som gjer at biletet temmeleg seint, godt etter 1905, er knytt til norsk nasjonal mytedanning og no ganske overraskande, igrunnen, av folk som knapt kjenner Krohgs verk og ikkje klarar å kontekstualisere, blir oppfatta som eit «ikon».

Ja, det kunne absolutt vore eit ikon – for reklamebransjen. Men i USA, altså Chicago, møtte det inga særleg interesse og var heimlaust til det vart donert til Noreg i 1900.

Eg er usamd i at biletet er kolonialistisk – det viktige direktøren sa er at det er romantisk. Leiv Erikson koloniserte ingenting – området han kom til var folketomt. Skjønt kanskje ein kan seie at faren Eirik Raude var med på ei form for kolonisering av Grønland, dersom slike omgrep kan brukast (anakronistisk) om mellomalderen (i så fall koloniserte Sverige Polen og Ukraina).

Leiv koloniserte sjølvsagt ikkje Amerika, kanskje vart islendingane som slo seg til på Newfoundland, drepne eller jaga vekk. Arkeologane er usikre, folka kan ha vorte sjuke, også. Eller dei gav berre opp.

Men det er postkolonialistisk; det er ein protest mot Noregs mangel på sjølvstende og framhevar sjøfartsnasjonen oppimot Sverige. Det blir jo då også Konsulatsaka som seinare blir utløysande for unionsoppløysinga, altså at norske styresmakter vil rå over eigen handelsflåte.

Norsk postkolonialisme inneber ei form for kolonialistisk moderne overgrep ved at ein markerer lengten tilbake til Noregsveldet ved å ekspropriere Islands og Grønlands historie (jamfør forsøket på annekteringa av Grønland mest 30 år seinare). Island var jo framleis ribba for mange av sine viktige dokument, men opplevde gradvis ei sjølvbyrg, antidansk oppvåkning.

Slik sett er biletet knytt til ei form for intellektuell «kolonialisme», innbakt i postkolonialismen, og fleire kulturforskarar har søkt å analysere vår norske vri på fenomenet. Dersom noko skal henge oppe fordi nokon har bestemt det er eit ikon, meiner eg det ville vore best å få til ei utstilling om nasjonsbyggande norsk biletkunst. I mellomtid har leiinga ved museet bestemt å prioritere samisk kunst og kunst produsert av kvinner.

Det er heilt normalt å setje verk i magasin. Svære mengder kunst står i magasin i Noreg, langt meir enn kva som heng oppe/står utstilt. Det meste av Munch er magasinert.

Synet på biletet som kjem fram frå kritikarane, representerer eit heilt flatt historiesyn. Biletet er eit bilete om Noreg i 1893, ikkje om 900-1000-talet. Ingen fjernar biletet permanent – Nasjonalmuseet er ein dynamisk institusjon og har for liten plass etter at tre svære samlingar samt enkelte privatsamlingar har hamna der.

Utskjellinga av museumsdirektøren er ei nasjonal skam som vil henge ved måleriets vidare historie i all framtid.