I dei fleste aviser i Trøndelag og landet forøvrig blir det no meldt om ei ytterlegare forverring av fastlegekrisa. Fastlegane har over fleire år advart om heile fastlegeordninga kan kollapse. I Trondheim er det no over fjorten tusen innbyggarar utan fastlege. Fastlege i Trondheim og tillitsvald Hanna Helgetun Krogh i Trondheim konstaterer med rette at det no har rakna.

Situasjonen er dramatisk. Om ein tar inn på E6 nordover frå Trondheim må ein til Snåsa før ein finn ein kommune med tilstrekkeleg kapasitet. Fastlegane har i fleire år jobba dugnad når ein ikkje finn vikarar, men klarer no ikkje lengre å ta unna. I Trondheim og i andre kommunar må pasientar på legevakt for å få fornya sjukemelding og livsviktige medisinar. Det er openbart at situasjonen slik den er i dag er uholdbar både for fastlegane og pasientane.

I ein stor studie publisert i prestisjetunge British Journal of General Practice viser norske forskarar at pasientar som har hatt same fastlege i meir enn 15 år har 25 prosent lågare dødsrisiko enn dei har det første året med ein ny lege. Det er også mindre sannsynleg at pasienten oppsøker legevakta og blir innlagt på sjukehus. Over heile landet sluttar no erfarne fastlegar og tilsiget av nye legar er for lavt. Konsekvensane av at staten har vanskjøtta fastlegeordninga over fleire år er like openbare som dei er dramatiske.

Det ligg eit paradoks i at fastlegeordninga er meint å vere fullfinansiert av staten medan det er kommunane som har det lovpålagte ansvaret for å sikre god nok fastlegekapasitet. Å ha fastlege og kunne bytte fastlege er ein rett alle i Norge har i prinsippet, men som mange har blitt fråtatt i praksis. Eit fleirtal av kommunane i Trøndelag har ikkje nok fastlegar og oppfyller derfor ikkje sine plikter etter Fastlegeforskrifta, Kommunehelsetenestelova og Pasient- og brukerrettighetslova. Om ein fastlege hadde brote lova i eit slikt omfang over så lang tid hadde autorisasjonen for lengst vore inndratt og Statsforvaltaren i Trøndelag ville stempla dette som uaktsom og uforsvarleg praksis.

Som fastlege kjenner eg på avmakt og resignasjon. Frykta for å gjere feil er for mange fastlegar stor, ikkje minst no når gjennomsnittleg arbeidstid er godt over femti timer i veka og legane møter slitne på jobb kvar dag. Om våre feil påfører pasientane helseskade er det ein tragedie både for oss og pasienten og konsekvensen for legen kan i ytste konsekvens bli å miste autorisasjon til å jobbe som lege. Kvifor får det ikkje nokon konsekvensar for kommunane som påfører sine innbyggarar helseskade når dei lar legetenestene forfalle?

Kanskje er svaret så enkelt at Statsforvaltaren som staten sin representant i fylket, er fullt klar over at årsaka til krisa er at staten har underfinansiert ordninga over mange år. Kanskje er det rett og slett skamvettet som stoppar Statsforvalteren i å bruke utestemme.

Medan stat og kommunar kranglar om kven som skal ta rekninga, betaler leger og pasientar prisen med si helse. Ingen kan vere overraska over utviklinga, og verre vil det bli. Dette er skammeleg.