Ein merkeleg diskusjon har dukka opp i seinare tid. Nokon vil trengje inn to ekstra bokstavar i eit namn, slik at «Åstunnelen» skal bli «Åsentunnelen». Amund Nilssen og Øystein Lunnan gir synspunkt til kjenne i innlegg 29/3 og 1/4. Så langt eg veit er dei begge både jordnære og fornuftige. Men argumentasjonen tar eg mest som underhaldning.

Å lese at ingen har høyrd om «Ås-fjorden» blir merkeleg når eg ikkje minnest anna namn brukt på denne fjorden i oppveksten, og på gamle kart kan vi t.d. lese namnet «Aas-fjorden». Men dei hadde vel sin eigen variant på sørsida da venteleg.

Les også

Åsentunnelen er rett navn

Eg kan ikkje ta att når eg første gongen høyrde forma «Åsenfjorden» brukt. Prøver eg å tenkje etter kjem eg kanskje til 1970 eller der ikring. Og er det slik at dette namnet kom på kart i 1964 kan det vel stemme at nokon har fanga det opp der, og så har det breidd seg ut i ein viss grad derifrå. Etter kvart som skriftkulturen har fått meir fotfeste kan det verke som at det er fleire som trur fullt og fast på at det er det som står på trykk ein eller annan stad som er det rette. Men; det er ikkje alltid slik. Vi slit enno med at mange stadnamn er feilskriva på kart og i andre dokument. Mykje av dette har si årsak i at danskane som styra landet ikkje forstod språket vårt. Det går føre seg ein prosess der dette etter kvart blir retta opp, men det står att ein god del enno.

Namnet på fjorden har sjølvsagt ingen ting med stad- eller kommunenamnet «Ås» å gjere. Å dra inn dette blir i dummaste laget. Det kan vel ha samanheng med at nokon har fått det for seg at eigennamn ikkje skal bøyast, og så lar dei denne oppfatninga styre ordbruken. Stammen i det aktuelle namnet er «Ås». Så blir dette brukt i fleire former etter kva funksjonen er, som «Åsen»; bunden form nominativ, «Åsa»; bunden for dativ, og «Ås-»; i samansetjingar. Og dette er ikkje eit mønster vi berre har lokalt, slik er det i heile landet.

Eg har elles merka meg at ved ei anna fjordarm i Åsfjorden er det ein veg som har fått namnet «Fættfjordvegen», så her har dette tydelegvis gått bra. Eg vil elles gi honnør åt min eigen kommune (Frosta) for at dei vedteke vegnamna har fått ein både god og korrekt skrivemåte så å seie over heile lina.

No er det slik at vi snakkar og skriv som vi vil. Eg kan ikkje tenkje meg anna enn at eg skriv «Åstunnelen» om det omtala objektet, sjølv om det elles seriøse Kartverket skulle finne på å vedta ein annan skrivemåte. I denne saka er eg klar over at begge seiemåtane for Ås-/Åsen- blir brukt i ny daglegtale. Men dette skal da ikkje styre skrivemåten på det offisielle namnet. Stadnamnlova er enkel og klar på dette punktet: Det er lokal nedarva uttale og norsk skrivemåte som skal leggast til grunn. Eg held meg til lova her, og det meiner eg òg at kartverket skal gjere.