Fotomuseet til Renbjørgården

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Levanger har ein kulturskatt i fotomuseet og Renbjørsamlinga. Alt frå tidleg på 1900-talet vart det fotografert i fargar i Levanger. Harald Renbjør var ein pioner, og deltok mellom anna på jubileumsutstillinga i Oslo i 1914. Saman med sonen, Per Renbjør, vart teknikken utvikla og den unike bildesamlinga bygd opp i Renbjørgården. Og det er der samlinga høyrer heime.

Ei plassering av museet tilbake til Renbjørgården og Håkon den godes gate vil gjera denne kulturskatten lett tilgjengeleg og synleg. Der kan det vera lettare å stikka innom både for turistar og lokalbefolkninga. Det vil også bli lettare å synleggjere utstillingar for folk som passerer forbi. Folk kan nikka gjenkjennande til gamle bilder. "Gamle bilder" kan for nokon vera frå 1915, for andre 1950 eller 1990-talet.

Eit levande fotomuseum lett synleg i Levanger sentrum, vil styrka byen som kulturbyen og trehusbyen ved Trondheimsfjorden.

Send debattinnlegg her «

Bli med i debatten i Trøndelag!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken