Gå til sidens hovedinnhold

Frustrasjonen i Steinkjer bør roast ned

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Frustrasjonen i Steinkjer bør roast ned. At dei tilsette i skjæreavdelinga er uroa, er forståelig. Men det er ikkje livstruande for dei heller. Nortura har gode rutiner for å skaffa medarbeidera nytt arbeid. Skulle det mislykkast, er det gode ordningar i samfunnet. Arbeidsløysetrygd, arbeidsformidling, omskolering, førtidspensjon. For dei to bøndene som legg ned drifta kvar dag, er ordningane dårlegare. I Steinkjer og på Innherred skjer det så mykje at arbeidsplassane lett kan erstattast. Det er verre med 110-avdelinga i Namsos.

At Trønder-Avisa kritiserer Nortura så sterkt, synes eg er unødig. Trønderavisa har sjøl omstillt produksjonen fleire gonger. Og det har vori nødvendig.

Når Nortura ser at det kan sparast inn tilsvarande kr 1,50 per kilo svinekjøtt på nedskjering, så er det klart det må gjerast.

Nortura er kjøttprodusentene sitt verkty for å få ut best mulig kjøttpris innafor jordbruksavtalen, for markedsregulering og for å få levert slaktedyr over heile landet. Det blir mange arbeidplassar av dette. Men det er ikkje det primære. Det har i mi tid vori ei kontinuerlig omstilling. Frå anlegg i dei fleste kommunane til nokre få høgteknologiske anlegg. Aksen Steinkjer til Trondheim har dei fleste i Trøndelag, og er ikkje på noko vis ufordelaktig stilt. Vi må sjå på historia og erfaringa.

Det er stadig teki ny teknologi i bruk, som senkar kostnadene. Etter kvart som anlegga blir større, og det må skje omstilling, blir «sjokket» større. Omstilling i landbrukssamvirket har aldri gått heilt støyfritt for seg. Det er mange nok som har prøvd å halda på utdaterte anlegg, for å halda arbeidsplassar og prestisje i eige tettstad. Også bønder, sjøl om dei måtte forstå at det var dei som betalte prisen. Det mest grelle eksemplet var da Nord-Norges Salgslag la ned tre nedslitne anlegg og bygde eitt nytt moderne på Bjerka. Nokre bønder på Sør-Helgeland kunne ikkje godta at slakteriet i «vårt tettsted» vart nedlagt.

Ein tillitsmann i Nord-Norges Salgslag var primus motor. Dei fekk med seg Brønnøy kommune og etablerte slakteri i dei gamle bygningane i Brønnøysund. Kommunen var største aksjonær. Det heitte av alle ting Samvirkeslakteriet AS. Det har no gått konkurs. Det er tapt pengar i aksjekapital og hos bøndene, fordi kapasiteten i Bjerka ikkje vart utnytta. Men Brønnøysund by har greidd seg utmerket.

Det er ikkje dei som hadde fokuset på næraste tettstad som har bringa samfunnet og jordbruket framover. Det er dei som har kjempa fram nye rasjonelle anlegg. For ikkje å snakka om dei som greidde å få meieri- og slakterisamvirke saman i landsdekkjande konsern.

Etter krigen var 35 prosent av befolkninga i landbruket. No er det 2 prosent. Men produksjonen har auka. Forklaringa er sjølsagt at nye metodar, ny teknologi, bedre dyr og nye maskiner er teki i bruk. Dette har sjølvsagt gått ut over busetting på bygdene. Men kva om det ikkje hadde skjedd? Sysselsettinga i Landbrukssamvirke har gått ned og, men ikkje i same grad. Tettstader greier seg bedre, for dei flyt på administrasjon, handel, utdanning, helsevesen, tenesteyting osv.

Så er det nokre, derimellom Venstre-stortingsmannen vår, som vil straffa Nortura fordi dei ikkje kan gjera alle til lags. Det kan visst best skje ved at det er ein eller fleire kapitalistar bygger slakeri på Innherred, for å ta tilførsla av slaktedyra frå Nortura. Er dei ikkje klar over at vi har Midt-Norge Slakteri som har om lag 35 prosent av tilførslene? Det er ein fusjon av Inderøy Slakteri og Levanger Slakteri som er oppkjøpt av Grilstad og Fatland. Grilstad er eigd av ein trondheimsfamilie og eit investeringsselskap.

Dei leieslaktar grisen sin hos Nortura i Steinkjer med ein gullkanta avtale som dei fekk etter at dei forskreva seg under bygging av nytt slakteri i Malvik. Nortura overtok og bygde, så no har vi to moderne slakteri i Trøndelag som betjener både Nortura og Midt-Norge Slakteri. Grisen Midt-Norge Slakteri får slakta i Steinkjer, på det beste og billigaste svineslakteri i landet, til same pris som Nortura. Nedskjeringa får dei hos Fatland i Oslo. Kvifor dei gjer det, kunne vori ein oppgave for ein gravejournalist.

Det er ikkje alle som har vori så framsynt på andre område av landbruket heller. Da skogeiersamvirket og staten bygde papirfabrikk på Skogn motarbeidde storskogbruket og treforedlinga det dei kunne. Dei frykta eigen virkesforsyning. Høyre stemte imot i Stortinget at Skogn skulle få konsesjon til å kjøpa tømmer. Kor hadde skogbruket nordafjells stått idag med tremassefabrikkar med utdatert teknologi? Og når ein tenkjer på kva denne fabrikken har betydd for norsk treforedlingsindustri.

Kommentarer til denne saken