Eg er 37 år, har relativt god helse og er ikkje i ei av risikogruppene for at eg vil få alvorlege komplikasjonar om eg skulle bli korona-smitta.

Likevel er eg engsteleg for at eg skal bli det. Det er jo mykje større sjanse for at eg blir ordentleg sjuk av covid-19 enn om eg skulle ha fått influensa.

Eg er koronahysterikar og står for det

Det er likevel ikkje frykta for at eg sjølv skal bli sjuk som gjer at eg til tider har meir eller mindre angst for å få korona, og at eg i deler av vennekrinsen min har fått kallenamnet «koronahysterikaren».

Tanken på at eg skulle smitta nokon som blir alvorleg sjuk eller i verste fall døyr, er det som verkeleg skremmer meg. Eg har fleire tett på meg som er i risikogruppa.

Då får det heller vera at det går litt langt av og til. Til dømes desinfiserer eg gjerne cola-flaska før eg skal drikka av henne, eg puttar posten i «karantene» eit par dagar før eg opnar han og ein gong nekta eg til og med eg ein god kompis som var på «utebesøk» å få låna toalettet mitt i leilegheita.

For mange gamle er korona særs farleg

Noreg har heldigvis sloppe billig unna koronaen samanlikna med resten av Europa. Per 18. november er det i Noreg 300 menneske som er stadfesta at dei har døydd av eller med korona-virus. Det er likevel ingen garanti for at ikkje det talet kan auke kraftig.

Eit døme på kor ille det kan gå er kommunen Eidsvoll på Austlandet. På kort tid er sju eldre – seks av dei på same sjukeheim – smitta av korona og har døydd av eller med det. Dette har nettopp skjedd i ein kommune med dryge 25.000 innbyggarar.

Det er jo eit paradoks at om ein stoppar alle besøk på sjukeheimar, så kan eldre som har kort tid igjen å leva ikkje få besøk av familie og venner – kanskje heilt til dei dør. Då er det kanskje nokon som tenker det er verdt risikoen å møta familie. Og eg skjønnar det godt.

Men om eg skulle ha vore den som smitta bestemora mi, som rett nok er sprek og bur heime, hadde eg gått i kjellaren - iallfall om ho skulle blitt alvorleg sjuk.

Unngå å gi skuld til uheldige smitteberarar

Med unntak av dei heldigvis relativt få «korona-idiotane» som nektar å bry seg om smittevernreglar, bør ikkje smitteberarar kjenna på noko ansvar.

Men det er noko anna kva ein «bør» gjera, og kva ein faktisk sjølv vil kjenna på om ein skulle smitta nokon med koronaviruset og alvorleg sjukdom følger. Å vera den som har smitta nokon som blir langvarig sjuk, som ein ser stadig fleire tilfelle av, er også ein deprimerande tanke.

Eg er same kva sikker på at dei aller fleste som har smitta nokon, berre har vore uheldige og ikkje har vore ein korona-idiot.

Derfor er det trist å lesa om historier om hets og «smittelister» som blir spreia i sosiale media. Det bidreg til å påføra det no klisjefylte omgrepet «koronaskam». Om det er noko ein korona-smitta person som slit med dårleg samvit ikkje treng, er det at nokon fortel at du bør skamma deg.

Relativt mange med korona får også angst

Fersk forsking som er publisert i The Lancet viser at personar med korona-smitte har høgare førekomst av angst enn personar som ikkje er smitta og personar som har vore smitta av influensa. Utvalet var personar som ikkje hadde hatt noko historie med psykiatrisk sjukdom, og perioden som blei sjekka var inntil tre månader etter korona-diagnosen blei funne.

Angsten som er knytt til korona-smitten kan jo vera mykje forskjellig, og det treng slett ikkje ha noko med den frykta eg skriv om i dette innlegget.

Men kan ikkje eigentleg det å vera uheldig og smitta ein person med korona som så døyr, bli samanlikna med å vera uheldig når du køyrer bil og så døyr nokon i ei ulykke kor du sat bak rattet?

Derfor lurer eg på korfor eg verken i norske eller utanlandske media har lese om problemstillingar knytt til smitteberarar som sit med tyngande ansvarskjensle for å ha smitta nokon. Eg er ganske trygg på at dette vil vera noko mange har kjent på og vil kjenna på i tida framover.