Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Som studenthumanistar har vi samtaler med studentar om alt dei opplever, kjenner på og prøvar å finne ut av i liva sine: Forelsking, kjærleikssorg, datingappar, one night stands og sjalusi. Spørsmål som dukkar opp i samtalane med unge kvinner og menn kan vere: Må eg vere forelska for å bli saman med nokon?
Når eg ikkje heilt kjenner at eg sjølv er meg på ekte, korleis kan eg då vere trygg på at kjærasten min elskar den eg er? Kva er ekte kjærleik?
Reality check
Ja, kva er kjærleik? Valentinsdagen, alle hjarters dag, er ei markering av den romantiske kjærleiken. Han mellom to, som elskar kvarandre. Og dei av oss som har vakse opp med Disney-prinsesser (av den gamle og utdaterte sorten) som får prinsen og dermed lev lykkeleg i alle sine dagar, har for lengst forstått at lykka ikkje kjem av seg sjølv med prinsen på slep.
Ei verkelegheitsorientering må til. Men verkelegheita har kanskje fått litt overload av kjærleik som ei rasjonelt bereknande algoritme? Mange unge studentar beskriv ein partnarmarknad i stil med Peder Kjøs og Frode Thuen: Marknadsverdien din er ein stad mellom høg og låg. Den realiteten må du forholda deg til. Men kva er spelereglane eigentleg? Og kva er det som gjer deg attraktiv på kjærleiksmarknaden? Eller fuck det. Det er det sikkert mogleg å google seg til.
Spørsmål med høgre vanskeleggrad er: Korleis vil eg leve livet mitt? Kva er eit meiningsfullt liv for meg? Kva er lykke for meg? Kven vil eg vere?
Søket etter kjærleiken
I søken etter alt frå «one night stands» til «happily ever after» er det ganske mykje å finne ut av for unge menneske på jakt etter ekte kjærleik. For kjærleik ved første blikk, klikk, eller svipa, ut i frå ei nøye kalkulert berekning av eigen aksjeverdi på kjærleiksmarknaden skaper eit enormt press. Og minimalt spelerom for kjærleiken. Finn du ikkje ut av det, om det så er i eit ufrivillig sølibat, eller ei lange rekke forhold med facebookstatus «it's complicated», så kokar det ned for alle at ein kanskje ikkje er heilt der ein vil vere. Og det er nettopp der mange studentar er; midt i ei eigenutdanning der ein sit djupt inne i ei evig stor problemstilling.
Alle treng noko(n)
Så om vi tillèt oss å løfte blikket, og vi til studentar, unge menn og kvinner (og andre som treng å høyre det) kan seie: «kjære deg, no er tida for å gi litt faen». Gi ein lang ein i kva avkasting du får på kjærleiksaksjane dine. Drit i å tenke at verdien din er lik null – fordi du per dags dato ikkje «har fått deg noko». Slutt med å «caste» deg sjølv og andre i roller ein ikkje har sjans til å leve opp til.
Kjærleiken, behovet vårt, lengsla vår etter å bli sett, tolt eller verdsett. At nokon kjenner oss. Ikkje berre innpakninga, men det inni pakken òg. Ein søken og lengt etter desse tinga er noko vi alle menneske har til felles. Du er ikkje aleine.
Og det er det faktisk skikkelig mykje håp i! Det betyr at om du har noko å gi, er det alltid nokon som er klar til å ta imot. Det er ikkje styrt av ein marknad av tilbod og etterspørsel, men noko grunnleggande, universelt og konstant. Alle treng nokon, og den nokon kan vere deg.
Løft blikket, og still spørsmåla: I kva situasjonar føler du deg nær nokon? Når toler og aksepterer du dei for den dei er? Når ser du nokon andre? Når kjenner nokon deg?
Kjærleik kan vere så mykje, og kome i mange former og fasongar. Så bryt ut av forma til det raude romantiske Valentineshjartet og spør deg sjølv: Kva betyr kjærleik for meg? Og korleis ser det ut for meg i livet mitt?