«I Roma finnast lik av ein og annan læresvein. Nidaros tok Olav. I Verdal ligg ein stein»

Leiv Sem, førsteamanuensis ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag på Nord Universitet, med stikk til diskusjonen om Stiklestad og Olavsarv.

Leiv Sem, førsteamanuensis ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag på Nord Universitet, med stikk til diskusjonen om Stiklestad og Olavsarv. Foto:

Av

Les skalden Leiv Sems kvad om Olavsarv, eller var det Olav-sarv?

DEL

Leiv Sem: Olav-sarv. Ein song (med notar)

Ein sommardag i juli kom ein mann som tenkte stort

til Trøndelag. Han angra seg. Det har nok mange gjort.

Han hadde fare vide, og sett sitt fotefar

frå aust i Gardarike til heilt sør ved Gibraltar,

og vesterveg i London, til Roen og Cadiz.

Og allstads kvar han landa, der song dei til hans pris.

Dei hylla han på tinga, dei priste han i kvad,

— til han kom til Innherad, til slakt på Stiklestad.*)

*) Ein eggar ikkje mange gongar

lokale heltar og lokale kongar.


La gå, han var ei bølle, ein bajas og ein pung.

Men kven gjer ikkje feil iblant, især når ein er ung?

I Syden har eg skoda mang ein trøndar slå seg vill

men som vender heim, lik Olav, både spak og mjuk og mild.*)

Og hugs, at sjølv Norvegiae Perpetuus Rex

var ein gong gut med kompleks mor, og truleg morskompleks.

Og lenge før han spiddast var han van med hogg og sting,

med tilnamn «Digre-Ola» før fat shaming blei ein ting.

*) Skjønt få av desse vil i Syden

finne seg, og ikkje miste, dyden.


Så hender det me kjenner: Den bjarte Olav døyr,

som venteleg i Trøndelag når gamalhunden gøyr.

Den mann som førte verda til Kvistad-bondens gard

fekk lide same lagnaden som Platons hole-kar.

Dei kverka honom grundig med sverd og øks og spjut.

Så tente dei sitt gull ved å stille liket ut.

Å byte noko storfelt mot dei små lokale tarv

er også, veit me nå, ein Olavsarv.*)

*) Utan da å fråkjenne alt verd

ved dugelege, lokalt smidde sverd.


I Verdalbygdas grøne og gjestemilde hamn

blei kjend og framand helsa av rev og hund og ramn.

Og høviske dei baud sine gåver sælt imot

da åkrane dei gjødde med musklar, hud og blod.

Og raskt og raust blei bode til storgjestebodslag.

Og kjøtmaten den strakk til i år og i dag.

I soddtåka frå festen langsmed vegane rann

både biskop og bonde og svinefylkesmann.*)

*) Som kappast så med kvasse kvede,

og kastar lott om kongens klede.


Slik melder ein seg inn i den globale kristendom

og måler seg mot kyrkjer i Paris og Wien og Rom:

Ei kyrkje sør i Tyskland har tornekronekvist,

og mange har hatt forhuda til sjølve Jesus Krist,

éi har vist fram morsmjølk frå Marias eige bryst.

Og du kan vitje alt om du har tid (og tru) og lyst.

I Roma finnast lik av ein og annan læresvein.

Nidaros tok Olav. I Verdal ligg ein stein.*)

*) Til dette punkt krevst knappast notar.

Kvar bygd sin skatt, og sine idiotar.


Dei gamle soger seier hans sæd fall på fruktbart land.

Hans pansra neve frødde meir enn Onans ømme hand.

Dei seier: enn i dauden voks der naglar på hans tær.

Men les ein dagens skaldar, kunne han spart seg det der.

Kan hende sett han Olav opp sitt beste skalle-grin.

Det får me aldri vite. For tapt er Olavs skrin.

Ein skjønner at forvaltaren av arv er lite tess

når likets fingrar drys mellom dei levandes.*)

*) Og etter hundreår med såleis famling

Er også tapt all annan sans og samling.

Send debattinnlegg her «

Bli med i debatten i Trøndelag!

Artikkeltags