Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det internasjonale energibyrået IEA har i mange år blitt sett på som retningsgjevande i energispørsmål for skiftande regjeringar, og det vart stor debatt då dei nettopp kom med ein rapport som stiller grunnleggjande spørsmål om norsk olje- og gassutvinning.
Men det som hittil ikkje har vore debattert, er alle tiltaka som IEA går inn for når det gjeld redusert energibruk/ energisparing. Den mest miljøvenlege kilowattimen er den som ikkje blir brukt.
For å få ned energibruken til vegtrafikk, meiner IEA at det er viktig å redusere fartsgrensene på motorvegane til mindre enn 100 km/time. I tillegg til at dette vil føre til mindre energibruk, skriv IEA at det blir tryggare på vegane, og mindre trafikkstøy. IEA ser slike tiltak som viktige for å kunne fase ut fossil energi og redusere utsleppet av klimagass for å kunne nå Parisavtalens målsettingar om klimaet.
Konklusjonen er klår, planane om fire felts motorveg med 110 km/timen for E6 nord og sør for Trondheim er i strid med anbefalingane som IEA, det internasjonale energibyrået, ber alle land om å følgje opp. 90 km/t er meir enn nok.
Vi reknar med at regjering og Storting følgjer opp IEAs anbefalingar om å halda fartsgrensa på under 100 km/t, som ledd i ei solidarisk internasjonal satsing på redusert energiforbruk.
Difor: legg til sides alle planar om fire felts motorveg med 110 km/t fartsgrense langs E6 nord og sør, planlegg ut i frå 90 km/t, og sats på oppgradering av jernbanen.