Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når jordvernet taper skuldast det oftast eit for dårleg juridisk vern. Eller at eksisterande praksis ikkje tek omsyn til dagens lovheimlar, som skal verne nedbygging av dyrka og dyrkbar jord.
Før var det jordlova som tok vare på dyrkajorda og slo fast at den skulle bli brukt til å produsere mat også i framtida: ”Dyrka jord må ikkje brukast til formål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtid”, står det i jordlova. Om det hadde vore slik i praksis så hadde det ikkje vore naudsynt med styrking av jordvernet.
Nedbygginga av dyrka jord skaut fart då smarte konsulentar og utbyggjarar nytta plan- og bygningslova til å lage reguleringsplanar der det med hjelp av kommunale vedtak vart lovleg å bygge ned dyrkajord, så snart reguleringsplanen var vedteken. Dette har også ført til at det i aukande grad blir inngått opsjonsavtalar mellom grunneigar og utbyggar, med påfølgjande press på lokalpolitikarar i samband med framlegg til kommune- og reguleringsplanar.
Det har i praksis skjedd ei endring i rekkefølgja i saksgangen, slik at jordlova, som var den første og viktigaste lovinstans i alle jordsaker, no er blitt sidestilt med andre lover, med plan- og bygningslova som overordna lovverk. Dette har ført til at det meste av nedbygginga av matjord i dag går føre seg med heimel i plan- og bygningslova.
Statens vegvesen (SVV) er ein annan stor nedbyggjar av dyrka jord. SVV har laga si eiga handbok og bygger vegar med heimel i veglova. Når dei i tillegg får kommunane til å vedta SVV sine eigne reguleringsplanar, har dei skaffa seg heimel til å legge vegen utan å ta omsyn til dyrkajorda. Det vart også gjort når det skulle planleggast ny E6 i Trøndelag frå Ulsberg i sør til Mære i nord fordelt på 7 delstrekningar.
E6 er sikkert etter den nye handboka, men når den nye vegen krev tusenvis av dekar dyrkajord, for at den skal fylle svingkrav for 110 km/time, er det ikkje i praksis noka form for jordvern i vegplanane. Statens vegvesen og Nye veier har ein lang veg å gå for å ta betre omsyn til jordvern.
Begrepet jordvern er ikkje er nemnt i jordlova. Det trengst difor ein gjennomgang og revisjon av jordlova og plan- og bygningslova, slik at det blir gitt ein tydelegare heimel for framtidig vern av dyrka og dyrkbar jord. Revisjonen av jordlova må også sjå på om forbodet mot dyrking av myr er tufta på feil premissar.
Rekkefølgjekravet må endrast slik at alle frådelingssaker av dyrka og dyrkbar jord først får ei behandling etter jordlova. Om svaret er nei til frådeling, vert det heller ikkje nokon reguleringsplan og då er matjorda verna slik den skal.
Også gjennom plan- og bygningslova må det takast meir miljø- og samfunnsansvar og i større grad opnast for å ta vare på dyrka og dyrkbar jord for framtidige generasjonar, slik at det i større grad blir ei harmonisering mellom jordlova og plan- og bygningslova.
Grunnlovsvern: 30.09.20 fremma SP og SV forslag til endring i § 112 i Grunnlova for at vårt høgste juridiske rettsvern skal hegne om jordvernet: «Naturressursane, medrekna dyrka og dyrkande mark, skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter». Forslaget skal bli behandla av det komande Stortinget etter valet 2021. Det er frå eit jordvernomsyn sterkt ønskjeleg at jordvern kjem inn i Grunnlova.
Heldigvis kan det sjå ut til at det kan bli ein nedgang i omfanget av omdisponert matjord. Men når vi ser omfanget av nye utbyggingsprosjekt som det er ønskje om, er det ingen grunn til å vera mindre på vakt i høve til framtidig utbygging. Jordvernmålet må difor skjerpast inn, samstundes som jordvernet blir styrkt juridisk.