Gå til sidens hovedinnhold

Kor mange kontor trengst i eit sentrum med så mange ledige butikklokale?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Er glad for at nokon vil vere politikar. Men de må snart få administrasjonen til å legge heile planar. No skal det leggast ein plan igjen, stykkevis. Forstår at ho alt er lagt. No manglar berre vedtaket. Der skal det vere hotell og kontorbygg. Kor mange ledige lokale er det i gangavstand frå stasjonen? Og kor mange hotell treng Steinkjer, fordelt på året?

De har nettopp bygd eit hus ved stasjonen, der det er problem med å få leigd ut dei to øvste etasjane. Var det sett inn i ein plan, eller? Kor mange kontor trengst i eit sentrum med så mange ledige butikklokale? Eg var nettopp inne i det gamle HINT-(først NTE-)bygget, i Kongens gate 42. Der var det mange ledige kontor! Det huset er verneverdig. Kommunen, eller Steinkjerbygg, må halde det ved like.

Stasjonsområdet bør prioriterast for trafikkavvikling: for bussar og for parkering for trafikantar og alle som skal arbeide i eit fortetta/for tett sentrum. Er litt skuffa over dei som styrer. Vi utover bygda greier å gå eit stykke, men bussar og parkeringsplass er viktigare for oss enn eit hotell og enda eit kontorbygg. Det er mange ledige lokale i sentrum. Planarbeidet er elles litt seint ute. Kven var det som gav banken lov til å kaste ned eit hus midt på busshaldeplassen? Planen kjem for seint, men de får prøve å redde stumpane. Lykke til med formannskapsmøtet.

Kommentarer til denne saken