Det er i alle fall ikkje å ta raske avjerder, med følger langt inne i framtida, fordi vi er redde.

Vi må altså ikkje gjera som Putin, setje i gang noko med store og langvarige konsekvensar, utan at det var godt og grundig gjennomtenkt og førebudd.

No veit vi jo ikkje kor redd Putin eigentleg var da han tok den lagnadstunge avgjerda, og sende dei militære styrkane sine inn i Ukraina. Men sjølv om vi no veit at vi ikkje kan tru på alt han seier, bør vi likevel ta noko av det på alvor. At det sett gjennom Putin sine auge ville vorti eit trugsmål om Ukraina gjekk med i NATO, er nok sannsynleg.

Frykt var kanskje ikkje det som utløyste åtaket, heller var det vel uro og mistru overfor eit naboland og ei omverd han oppfattar som fiendsleg. Legg vi til den manglande respekten, ja kanskje hatet mot eit «ulydig» opprørsk og vestleggjort Ukraina, som talane hans vitnar om, har vi ikkje å gjera med ein mann i balanse og i stand til å ta kloke avgjerder. Maktmenneske fylt av mistru mot andre, og hat, kan gjera fatale feil, det har vi sett før.

Men da må ikkje vi som framleis er litt sjokkskadde over at det vi såg som utenkeleg, eit uprovosert åtak og ein brutal krig midt i Europa, vi må ikkje handle med tanken lamma av sinne og frykt. Det fins ingen enkle svar og løysingar som kan stanse galskapen vi ser.

Det verkar som svaret hos mange, mest som på refleks, er «meir våpen, og meir NATO».

Våpenprodusentane kan gni seg i hendene over dette, men det er kortsiktig, og ikkje det famtida treng. Vi har prøvd denne medisinen med meir og betre våpen lenge, men tryggare enn før kjenner vi oss nok ikkje. Det er framleis slik at ingen land kan kjenne seg trygge før nabolandet /-landa også har den kjensla.

Og når det gjeld NATO, har det nok heller vorti for mykje enn for lite NATO i planlegging og prioritering. Det er ønskjet om å gjera NATO til lags som er årsak til mange av manglane som no blir påpeika. «Out of area»-strategien har svekka evna til å forsvare heimlandet. Skulda ligg ikkje hos ei «naiv» venstreside.

Den styrkinga av forsvaret som nok må til no bør sikte mot å gjera Norge mindre og ikkje meir avhengig av USA. Ein av fleire grunnar til det er at det kan koma ein Trump, eller ein som enda verre er, etter neste val. Da er hjelp derifrå ikkje noko vi kan lite på, og for tette band til USA kan dra oss inn i nye konfliktar.

Den krigen vi har fått i nærområdet vårt no bør også vekke folk til å ta meir på alvor arbeidet med å få bort den trusselen atomvåpna utgjer. Tanken på at ein Putin eller ein Trump kan finne på å trykke på den raude knappen bør no skremme tvilarane til å slutte seg til forbodet FN vil ha.

Om Finland og Sverige vel å gå inn i NATO, vil eit naturleg og fornuftig grep vera å halde fram med det nære forsvarssamarbeidet med dei. Da bør vi også kunne forvente ein fellesnordisk framstøyt for atomvåpen-forbod.

Til slutt: Vi kan ikkje i angst, sinne og hat avgjera at no skal det vera slutt på all dialog med Russland. Vi skal gjennom denne vonde perioden, og ha ei trygg framtid alle, også etter Putin.