Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Skal me tru kommunedirektøren er det smalhans i kommuneøkonomien på Steinkjer no. Kvifor aksepterar me då at kommunen brukar pengar på velferdsprofittørar som har flytta utanlands for å sleppa skatt?
Eg har barnehagen på Guldbergaunet som næraste nabo. Det er stort sett veldig koseleg, for både ungane og dei som jobbar i barnehagen er veldig koselege folk som det er behageleg å ha rundt meg. Det er noko veldig vakkert med å høyra på ungane sin livsglade lått og leikne hvin medan eg kokar morgonkaffien, men i det siste har ungane sin livsglade lått og hvin fått ei ubehageleg undertone.
Barnehagen er nemleg eigd av Læringsverkstedet, som er eit kommersielt konsern som driv for å ta ut profitt frå velferden vår. Kommunen støttar denne barnehagen med anslagsvis 7,6 millionar kroner i året, og foreldra til barnehagebarna betalar eigenandelar som andre foreldre. Når dei er eit kommersielt konsern er dei forplikta til å sørga for at nokre av desse pengane til eigarane heller enn å gå til borna eller dei tilsette sitt beste.
Eigarane av Læringsverkstedet heiter Randi og Hans Jacob Sundby, og sit på 1,6 milliardar kroner privat og ytterlegare 2,45 milliardar gjennom eit holdingselskap. Dei har nyleg flytta til Sveits, etter eige utsagn ikkje for å spara pengar på formueskatt, men fordi det er naturleg for dei å bu utanfor Noreg sidan dei driv eit internasjonalt konsern. Særleg. Dei kan potensielt spara 980 millionar i skatt på dette.
Pengane ekteparet Sundby disponerar kjem nesten utelukkande frå det offentlege. Barnehagebygga deira er i stor grad finansiert av husbanken, driftskostnadane vert dekt av kommunen og av foreldrebetaling. Dette er det same grunnlaget som kommunale barnehagar driv etter – men kommunen tener ikkje pengar på sine barnehagar. Kommunen er derimot ein meir seriøs arbeidsgjevar – i følge Utdanningsforbundet sparar dei som jobbar i kommunale barnehagar meir enn 40 000 og 50 000 årleg i pensjon samanlikna med dei som jobbar i private barnehagar.
Lova forpliktar derimot kommunen å gje den same støtta til kommersielle barnehagar som til sine eigne kommunale. Og fordi eigarane av dei kommersielle barnehagane driv rovdrift på sine tilsette, havnar veldig mange av desse kommunale pengane på kontoane til velferdsprofittørar i staden for å gje gode tenester til dei borna som går i barnehagane.
Å godta at det er slik, er ikkje noko anna enn sløseri.
Om den økonomiske situasjonen i kommunen er så ille som kommunedirektøren skal ha det til, er det irrasjonelt å prioritera å sende pengar til velferdsprofittørar som sit med milliardformuar i Sveits.