Gå til sidens hovedinnhold

Me kan ikkje forstå at Mari Holm Lønseth og Høgre er så redd for å evaluera Nye Veier

Fare for feilopplysning.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Me forstår at Mari Holm Lønseth (H) ynskjer å skapa eit skrekkscenario for dei i Trøndelag som ventar på nye vegprosjekt, men det ville vore ein fordel om ho var etterretteleg i sine påstandar om Fellesforbundet, NTL, FLT og NAF sitt framlegg til Arbeidarpartiet sitt programarbeid.

Me forstår at Høgre har sin politiske agenda, og me skal ikkje gå vidare inn på deira privatiseringsiver av offentleg sektor. Me skal snakka om dei fire LO-forbunda sitt innspel.

Framlegget frå dei fire LO-forbunda går ut på at «piloten Nye Veier AS» skal evaluerast, og at dei eventuelle positive erfaringane og Nye Veier AS vert implementert i «morselskapet» Statens vegvesen. Framlegget går også ut på at prosjekt som allereie er tildelt Nye Veier AS skal fullførast.

Les også

Om det var opp til Ap, ville det knapt vært tatt et spadetak på E6. Nå kan nye veiprosjekter settes i fare.

Med regionreforma vart det i 2020 oppretta 11 nye vegadministrasjonar i fylkeskommunane. I tillegg har diverse OPS-prosjekt og Nye Veier AS ansvar for sine strekningar. Dette gjer ansvaret for vegnettet oppstykka og delt. NTL vil ha heilskapleg, god og effektiv beredskap, sterke fagmiljø og ei kostnadseffektiv og samfunnsøkonomisk god løysing for vegane i landet vårt. Då er me avhengige av at Statens vegvesen framleis får høve til å utføra sitt viktige samfunnsoppdrag.

For å ta heile landet i bruk treng me god infrastruktur. God infrastruktur legg rette for verdiskaping og beredskap der folk bur. Me er avhengige av eit ope og trygt vegnett for å få folk, varer og naudetatar fram. NTL meiner at kritisk infrastruktur må vera lagt direkte under politisk styring. Slik sikrar me beredskap når det skjer hendingar, det gjer det stadig oftare.

Mari Holm Lønseth hevdar at Nye Veier AS gir oss meir veg for pengane. Dette er ei historie som vart fortalt om Nye Veier AS lenge før dei tok sitt første gravetak.

Om målet til Høgre er meir veg for pengane, kan me ikkje forstå at Mari Holm Lønseth og Høgre er så redd for å gjera ei samfunnsøkonomisk evaluering av Nye Veier AS. Dersom ei slik evaluering skulle vise at historia til Høgre og FrP er rett, kan det umogleg vera sløsing med skattebetalarane sine pengar om Statens vegvesen får jobba med dei same vilkåra. For om teorien til Mari Holm Lønseth stemmer, vil jo løysinga som Fellesforbundet, NTL, FLT og NAF presenterer gi endå meir veg for pengane.

Om ikkje ideologien til Høgre står i vegen då.

Kommentarer til denne saken