Før jul la utvalsleiar Ragnar Torvik fram skatteutvalets forslag til korleis skattesystemet kan bli meir heilskapleg. I forslaget ligg ein haug av interessante forslag. Dei føreslår redusert skatt på arbeid, innføring av arveavgift, meir skatt på bustad og grunnrente. Til saman skal dette gi akkurat like mykje pengar til statskassa som før, men tanken er at skattesystemet skal bli betre, meir rettferdig og meir effektivt.

Forslaga er godt argumentert for, og det er brukt solid med plass på å presentere motargument og forklare kvifor dei har sett bort frå desse. Men til trass for grundig arbeid er det ikkje alle forslaga som verkar like kloke i praksis. Momsforslaget er eit av dei.

Utvalet føreslår auka moms, mellom anna på mat og kultur. Det skal gi lik moms på ulike varer og tenester. Tanken bak er i tråd med økonomisk tankegang om mest mogleg effektive skattar. Sjølv om auka moms vil bety at dei rike vil betale meir enn dei som har minst, fordi dei rike har langt høgare forbruk, vil ei sånn momsauke merkast langt betre blant dei som har minst.

No om dagen er det mange som kjenner at ein vanleg handletur kostar langt meir enn før. Om prisen på ei handlevogn med ei veke med mat til familien skulle bli enno dyrare, vil nok mange kjenne pulsen auke. Særleg dei av oss nedst på inntektsstigen.

Utvalet ser også dette, og difor føreslår dei å kompensere for fordelingseffekten ved å auke ei rekke stønader: bustønad, barnetrygd og studiestønad. Om lag halvparten av pengane staten får inn på auka moms skal gå til å auke desse stønadene.

På skrivebordet ser dette logisk ut. Skatteutvalet argumenterer med at om føremålet med dagens momsnivå er å auka økonomisk handlingsrom til dei med låge inntekter, er ikkje låg matmoms den mest effektive måten å gjere dette på. For momsfritak er ein ineffektiv måte å fordele på. Dei viser til forsking som dokumenterer at redusert momssats ikkje nødvendigvis kjem forbrukarane til gode, men kan hamne som auka profitt i butikkane. Og dei peikar på at den reduserte momsen på mat kan vere ei av årsakene til at butikkeigarar har blitt såpass rike dei siste tiåra.

Dei rike kjøper også mykje mat. Faktisk bruker dei ti prosent rikaste fire gongar så mykje pengar på å kjøpe mat som dei fattigaste ti prosentane, ifølgje tal frå utvalet. Så det å oppretthalde låg moms vil også vere å gi ganske mange kroner frå fellesskapet til folk med mykje pengar.

I teorien kan det altså vere lurt å omfordele på andre måtar enn gjennom momssystemet. Problema oppstår når utvalets forslag skal setjast ut i praksis.

For politikk er ikkje berre teori. Det er også vurderingar av korleis forslag vil bli mottatt, psykologi og mediedynamikk. Det er rettferdskjensle og folkevett. Alle desse omsyna må bli vekta opp mot kvarandre når eit forslag skal vurderast.

Heile folket vil sjå når dei sjekkar saldo på kontoen at matmomsen går opp. Kompensasjonen for dette vil kome til nokre av dei som treng det mest, men då under eit anna namn. Vil veljarar godta at brunost kostar meir, når dei veit at halvparten av prisauken går til studiestønad, sosialstønad og barnetrygd? Eg veit ikkje, men eg har mine tvil.

Eit anna problem med forslaget er at endringar av skattesystemet er langt meir stabile enn endringar av nivået på stønader. Så momsforslaget vil nok, om det blir innført, bli ståande over lang tid. Nivået på stønader er derimot langt meir ustabile og oppe til diskusjon i årlege statsbudsjett. Dei beveger seg jamleg i takt med skiftande politiske fleirtal. Vil stortingsfleirtalet om ti år hugse at for eksempel studiestøtta må ha eit visst nivå for å kompensere for momsendringar gjort for lenge sidan? Her har eg også mine tvil.

Eit tredje problem at nokon vil kome tapande ut. Det er heller ikkje alle som vil merke dette godt på lommeboka som er mottakarar av desse tre kompenserande stønadene. Minstepensjonistar, for eksempel.

Avgifter som me betaler jamleg i kvardagen ser ut til å provosere langt meir enn andre avgifter. For nokre år sidan blei lokalpolitikken her i landet rysta av bompengesaka. Det som er spesielt med bompengar, samanlikna med andre avgifter som får langt mindre merksemd, er at me betaler dei stadig vekk. Og rekninga på avgifter er lik uavhengig av kor mykje me tener.

Systemet er rigga sånn at ein stadig vekk blir minna på at ein må betale nokre tikroningar, kvar gong ein passerer ein bomring. Mens dokumentavgifta, som er langt større, er gøymt inn i ei anna gigarekning, ser me berre at me betaler ein gong. Eg har sett langt færre lesarinnlegg frå folk som er provosert over den enn over bompengane.

Kanskje kan auka moms på mat trigge noko av det same engasjementet som bompengar har gjort, i alle fall ved innføringstidspunktet, ved at det blir veldig synleg at prisen går opp, og at alle må betale like mykje, uansett inntekt.

Skatteforslag bør ikkje berre bli vurdert ut i frå om dei er fornuftige i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Dei bør også vurderast ut i frå om dei vil bli forstått og støtta av den jamne veljar.

Føremålet med den auka momsen er å auke inntektene til staten gjennom eit effektivt system. Eg trur ikkje det er gjennomførbart utan verken urettferdige utslag eller bråk. Det er ingen perfekte løysingar her. Men eg trur at det politiske fleirtalet gjer lurt i å heller søkje andre måtar å hente inntektene sine på, enn ved auka moms.