Gå til sidens hovedinnhold

Men kva var det eigentleg vi aldri skulle gløyme?

I anledning tiårsmarkeringa etter 22. juli 2011 har ungdomspartia i Trøndelag skrevet ei helsing til AUF. Dette innlegget er frå Marit Voldsund Fjeldvær, leiar i Trøndelag Sosialistisk Ungdom.

HELSING TIL AUF

Kjære kameratar i AUF.

Det er no ti år sidan de vart angripne av hat, høgreekstremisme og terror på den mest brutale og vondaste måten. Det er ti år sidan unge viktige røyster vart kvelt. Og det er ti år sidan vi lova oss sjølve å aldri gløyme.

Men kva var det eigentleg vi aldri skulle gløyme?

Vi snakkar om terrorangrepet kvart år, men aldri om kva det eigentleg var. Vi snakkar om offera, men aldri om kvifor det var akkurat dei som vart drepne. Vi snakkar om terroristen, men aldri om at tankegodset hans ikkje er unikt.

Vi plar å seie at dette var eit angrep på oss alle, men det var det ikkje. Vi har rasistar, høgreekstreme og fascistar her i landet og. Det var ikkje eit angrep på dei.

22. juli var eit politisk motivert terrorangrep. Det var eit rasistisk angrep frå ein høgreekstrem terrorist. De vart ikkje angripe fordi de var på feil stad til feil tid, de vart angripe fordi de var AUFarar. De vart angripne fordi de trudde på ei rettferdig verd med plass til alle. Fordi de meinte at Noreg må ha ein mildare og meir rettferdig asyl- og innvandringspolitikk. Men det er meir komfortabelt å tenkje at det var eit angrep på alle, fordi då treng vi ikkje anerkjenne at høgreekstremismen finst i Noreg.

Redsla for å anerkjenne at høgreekstremismen finst blant oss, har gjort at vi som samfunn har vi latt dykk stå heilt åleine i kampen. Vi har ikkje turt å seie høgt at terroristen er ein av våre eigne. At han har gått i den same norske skulen som resten av oss, hatt dei same offentlege tilboda og veske opp i same type samfunn og kultur.

Det passar liksom ikkje inn i bildet vi har av det norske samfunnet. Det vi liker å tenkje på som det rause, trygge samfunnet, der fellesskapet står sterkt, det er plass til alle og ingen hamnar utanfor. Samfunnet der vi kan vere usamde politisk, men alle har dei same gode haldningane på botnen.

Å øydeleggje dette biletet gjer oss ukomfortable. Det er truleg difor vi aldri har snakka ordentleg om kva 22. juli eigentleg var, og latt dykk stå åleine i kampen, og sitje åleine med ansvaret for å minne oss på det vi aldri skulle gløyme. Det er eit stort svik. Vi har eit felles ansvar for å fortelje vidare.

Sjølv var eg ti år i 2011. Det var ikkje akkurat slik at vi lærte på skulen kva 22. juli handla om. Vi fekk høyre at det var ein terroraksjon, men ingen sa at det handla om høgreekstremisme.

No veks det opp ein generasjon som ikkje var født 22. juli, og utelukkande skal lære om det på skulen. Då må vi tørre å fortelje vidare. Fortelje vidare at det aldri har handla om ein hatefull einstøing, men at det er eit resultat av at høgreekstremismen og hatet er i framvekst, ogso i Noreg. Den kan vi berre vinne over ved å kjempe vidare, og det har de verkeleg gjort.

Måten AUF har klart å byggje opp organisasjonen på etter eit terrorangrep er ikkje anna enn heilt vanvettig imponerande. At de har tatt Utøya tilbake, stått på barrikadane og aldri gitt opp når de har vorte forsøkt drepe for det de står for syner ein heilt enorm styrke. Det er på ingen måte sjølvsagt at ein organisasjon skal fungere so godt etter å ha vorte angripe, men det er vanvettig viktig. Det er viktig fordi hatet, høgreekstremismen og terroren skal aldri vinne.

Det er viktig fordi vi skal ikkje berre minnast vore falne kameratar med eit minutts stille, men eit heilt liv i kamp.

Her er ungdomspartienes hilsener til AUF:

Les også

Dere har båret en stor byrde de siste ti årene

Les også

Det er viktigere enn noen gang at vi ungdomspolitikere står sammen

Les også

Vi i Trøndelag Unge Venstre står sammen med dere i kampen

Les også

Kampen mot høyreekstremisme og for et varmere, rausere og mer solidarisk samfunn fortsetter.

Les også

Jeg tror det er vanskelig for oss andre å forstå hvordan det har vært

Les også

Skal vi bekjempe hat og konspirasjonsteorier, må hver enkelt av oss legge ned en innsats.

Les også

22. juli er et sårt tema i norsk historie, og noe som er vanskelig å snakke om. Kan det føre til at vi glemmer hva som skjedde?