«Vi støtter morgendagens helter» påstår Equinor i TV-reklamer og på ski- NM i Trondheim.

Besteforeldrenes Klimaaksjon støttar dei verkelege heltane: Barn og unge som streikar for klima og slåst for framtida.

Klimakrisa er ei eksistensiell krise for barn og unge. Greta Thunberg i Sverige, Penelope Lea i Noreg og ungdomar over heile verda har grunn til å frykte Equinor sitt hovudprosjekt: All olje og gass skal opp. Enten det gjeld nye oljefelt i Arktis, skiferolje i USA eller tungolje i Brasil. Det er uforståeleg og tragisk at eit stort fleirtal i Stortinget støttar Equinor i dette. Gjer alle land som Noreg, skaper vi ei klimakatastrofe i levetida til våre barnebarn. Verda når 1,5 grader global oppvarming om 8 år viss vi held fram med dagens forbruk av fossil energi. (karbonbudsjettet)

Vaksengenerasjonen må ta ansvar. Barna vil eigentleg ikkje vere klimaheltar. Dei vil berre ha trygge liv, gå på skole og gle seg til alt dei skal oppleve i livet. Det er vi vaksne som må ta ansvar. Storting og regjering må ta ansvar.

Vi må slutte med sjølvbedraget om framtida for fossil energi. Vi må avsløre dei falske velferdsargumenta til oljelobbyen og innsjå at global oppvarming trugar oss alle, også oljenæringa. Oljefondet vil gå med i dragsuget viss klimaendringar og havstigning forårsakar samanbrot i internasjonal økonomi.

Besteforeldrenes Klimaaksjon støttar klimastreikane. Vi ser den fantastiske innsatsviljen og innsikta barn og unge har i klima-og miljøspørsmål. Vi veit at dei ikkje lar seg lure av glatt PR frå Equinor.