Gå til sidens hovedinnhold

Namn på Kulturhuset

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Me sit i Melhus, og herfrå kan me via media følgje med på bygginga av kulturhuset. No går altså diskusjonen om kva for namn huset skal få. I diskusjonen som har vore dei siste dagane, har me vore mint på namnet som var nytta på prosjektet i planfasen. Det var «Jakob». Det prosjektet er vel over no. Så til neste spørsmål, bør ein gje eit hus personnamn? Det er altså Jakob Weideman det har vore tenkt på. Skal huset få etternamn òg? - Kan ein tenkje seg «Weidemanns hus»? Vel var han ein stor norsk malar, ein av dei verkeleg store modernistar som slo igjennom etter krigen. Difor er det naturleg at Steinkjer held han i ære på måten det blir gjort gjennom «Weidemannskatedralen» og slik skapinga av glaskunsten der blir vist med utstillinga i Rådhuset. I det nye kulturhuset må han òg få sin sjølvsagte plass.

Nils Aas er meister for ein stor og flott, men bortimot gøymt, byste av ein av Noregs og Nordens store modernistar innan litteratur. Han er født i Steinkjer, han òg. Eg tenkjer på Kristofer Uppdal. Han har eit eige rom på biblioteket, Uppdalrommet, og han var faktisk Weidemanns onkel. Uppdal var diktaren som kanskje var den mest folkelege diktaren, den første som skreiv om arbeidsfolk som måtte gå over frå å vera jordbrukar til å bli gruvearbeidar og slusk. Den mektigaste slekt- og by/bygde-historia frå Noreg, Trøndelag og Steinkjer. 10 bind utgjer «Dansen gjennon skuggeheimen».

Størst er han likevel kanskje som lyrikar. Innan internasjonal lyrikk vert diktet «Ein båt i rus» av Arthur Rimbaud rekna som eit av dei mest vesentlege overgangsdikta innan moderne litteratur. I Norden har diktet «Isberget» ei liknande verdsetting. Båten til Rimbaud går under i havet, men flyt opp att, og det gjer òg Uppdals isberg. Korkje «isberget» eller «båten» vert skildra som trivelege opphaldsplassar, men det er ikkje det som gjer desse dikta så viktige. Dei er enorme bautaer etter særs viktige kulturelle bragder og kan såleis vera ypperleg markering for store kulturhus. Dessutan, Steinkjer er da ein by som historisk har markante personar innan våre tradisjonar på polferdsreiser.

Eg las i fjesboka, Facebook, at Arild Bye argumenterte for «Isberget» som namn på huset. Han har tidlegare gjort ære på namnet Kristofer Uppdal, mellom anna med biografien «Ein mot alle», og om det ikkje var Arild Bye som først kom med forslaget «Isberget», skulle eg ønske det var meg. I alle høve, gratulerer Arild, med god og særs viktig grunngjeving for forslaget.

Les også

La oss leke medbestemmelsesleken!

Les også

Isberget kulturhus

Kommentarer til denne saken