Denne veka kom det fram at Tyrkia går med på at Sverige og Finland kan få bli medlemmar i NATO. Kva vilkår Sverige og Finland har gått med på for å få denne avtala i stand er det færre som skriv om, men det som kjem fram ser ikkje bra ut for oss som er tilhengarar av liberale verdiar og demokrati. Alt tyder på at dei sterke autoritære tendensane i det tyrkiske regimet vil koma styrka ut av dette.

Vilkår for avtala som det blir fortalt om handlar om samarbeid mot terrorisme, inkludert utlevering av terrormistenkte frå Sverige og Finland til Tyrkia. Dette høyrest i utgangspunktet greitt ut, fram til ein hugsar på at Tyrkia per i dag er eit autoritært land som brukar terrorskuldingar for å slå ned indre opposisjon. Mellom 2016 og 2020 blei 1,6 millionar tyrkarar etterforska for terrorisme - og den tyrkiske definisjonen av terrorisme omfattar blant anna deltaking i fredelege demonstrasjonar, medlemskap i regimekritiske sivile organisasjonar eller regimekritiske ytringar på twitter.

Kva som skjer med dei eventuelt utleverte terrormistenkte er heller ikkje godt nytt for oss som er opptekne av menneskerettar og humanitære verdiar. Den tyrkiske menneskerettsorganisasjonen HRFT har dokumentert 383 ulike menneske som blei utsatt for tortur av den tyrkiske staten berre i 2020. Ti av desse var mindreårige. Og det burde vera utelukka for liberale rettsstatar som bryr seg om menneskerettar å utlevera folk til eit slikt regime.

På kort sikt er det særleg kurdiske flyktningar i Sverige som kjem til å bli ramma av dette, men det tyrkiske regimet forfølgjer òg LGBT+-personar, journalistar og politisk opposisjonelle. Med den nye avtala i NATO-regi risikerar desse gruppene å miste viktige støttespelarar i det internasjonale samfunnet og viktige verkemiddel i sin kamp for menneskerettar, rettferd og fridom.

Tyrkia i 2022 er eit regime som treng å bli utsatt for sterkare internasjonalt diplomatisk press, ikkje svakare, som avtala deira med Sverige og Finland vil føra til.