Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I dagens likestilte Norge er kvinnehelse stadig eit tema i samfunnsdebatten. Vi høyrer om vanlege kvinnesjukdommar som ikkje har fått merksemd, om fødetilbod rundt om i landet som kuttast, om korleis menn brukast som standard i medisinsk forsking og utvikling av nye medisinar. Samtidig blir «helse» brukt til å selje jenter og kvinner alt frå sminke og kremar til plastisk kirurgi.
Det som skjer er at konseptet om helse gjernast brukast som ein unnskyldning for å forbetre utsjåande, medan tema som handlar om mindre attraktive sider av kvinners helse blir neglisjerte. Derfor er det undertøysreklamar med vakre modellar overalt, samtidig som sosiale media ikkje tillat bilete av kvinnelege bryst sjølv når målet er å informere om brystkreft.
Det at samfunnet nedprioriterer kvinners helseutfordringar, sjukdommar og kroppslege erfaringar fortel oss at vi har eit større problem med kvinnekroppen.
Den sunne og sterke kvinnekroppen
I motsetning til menns kroppar, får kvinnekroppen sjeldan lov til å vere i fred og eksistere i verda utan ein form for kritikk eller kritisk gransking. Vurderinga kjem både frå formelle kanalar som nyheiter og blader, og frå våre eigne vener og slektningar: Den kvinnelege TV-reporteren viste for mykje utringing. Denne politikaren er for aggressiv og mandig. Ein kvinneleg kjendis blir fotografert i ein lite flatterande vinkel og får kritikk for å ha lagt på seg. Dei er jo tross alt rollemodellar og burde tenkje på korleis dei presenterer seg offentleg.
Kvinner balanserer heile tida på eit tviegga sverd der vi skal vere tiltrekkande, men ikkje for seksuelle. Velstelte og attraktive, men ikkje feminine pyntedokker. Kroppane våre skal ikkje vere for tynne eller for store, men ha «dei rette formene». I Norge skal den ideelle kvinnekroppen vere sunn og fresh.
Orda vi bruker til å snakke om kvinnekroppen blir bunde opp i språk rundt helse. Vi får høyre at skjønnheitsidealet med langt og tjukt hår, frisk hud og konvensjonelt tynne kroppar visstnok handlar om biologi: det er dette menn finner tiltrekkande fordi det signaliserer fertilitet, gode genar og evne til å bære fram friske born.
Det er desse to dimensjonane kvinner ofte blir dømt etter: Nivå av attraktivitet og idear rundt kvinnekroppen som eit verktøy for moderskap. Tradisjonelt sett har kvinners primære samfunnsoppgåve handla om graviditet, fødsel, moderskap og barneoppdraging. I tillegg skal kvinner bære store forventningar til kva ei god mor er lenge etter at borna er sjølvstendige. Til dette trenger kvinners kroppar god helse, energi og styrke.
Den mislykka kvinnekroppen
Nettopp derfor er vi så ukomfortable med temaet kvinnehelse. Samfunnet har store forventningar til kva kvinners kroppar skal tole. Som ungdom skal ho vere sunn og aktiv. Når den rette tida kjem (ikkje før og ikkje seinare) skal ho bære fram born. Når ho så er mor skal ho bære familien fysisk og psykisk på sine skuldrar og oppfylle alle hennar pliktar til omsorg og emosjonelt arbeid. Samtidig forventar vi at kvinner i Norge i dag er symbol på vårt likestilte land og har gode jobbar der ho klatrar på karrierestigen. Som vestleg frigjort kvinne skal ho dessutan vere seksuelt frigjort og ha overskot til å vere tilgjengeleg for partnaren sin på alle måtar som parforhold krevjar.
Ein kvinnekropp som på nokon måte er ramma av dårleg helse rokkar ved alle desse forventningane våre, fordi dette kvinneidealet krevjar sunnheit, sjølvdisiplin, vitalitet og styrke.
Den sjuke mannskroppen er nettopp det, ein sjuk kropp. Men den sjuke kvinnekroppen er ute av plass i verda, og ikkje i stand til å oppfylle sine mange oppgåver som kvinne.
Den sjuke kvinnekroppen blir då ein mislykka kvinnekropp fordi den ikkje klarar å bære alle desse forventningane. Kanskje gjer endometriose at du ikkje kan bli mor. Eller kanskje har du ein mental sjukdom som gjer at du må fokusere på å ta vare på deg sjølv, og ikkje har overskot til å vere ein ressursperson for dei rundt deg.
«Naturleg» helsemed unaturleg innpakking
Kvinneidealet er så sterkt at vi ikkje ein gang kan snakke om normale ting som har med kvinnehelse å gjere. Sunnheita skal liggje under, du skal stråle av vitalitet og styrke, men du skal helst ikkje snakke for høgt om kva dette krevjar av deg som individ og i vert fall ikkje klage.
Språket man brukar handlar om kva som er naturleg, men det er ingenting naturleg med forventningane vi har til kvinnekroppen i dag.
Den sunne kvinnekroppen skal nemleg vere sterk og smidig, men samtidig feminin og smekker. Den skal vere hårlaus, luktfri og med plettfri hud. Vi vil ikkje sjå nokon teikn til menstruasjonsblod, utflod, smerter, oppblåstheit eller utbrentheit.
Derfor hyllar vi også gravide kroppar og mødrer utan å ville sjå teikn til bekkenløysing, vektauking over det aller nødvendigaste eller såre bryst.
Ikkje rart kvinner toppar statistikken for bruk av antidepressive medisinar og smertestillande. Vi trenger rom for å kunne kommunisere opent og ærleg om alle våre kroppslege erfaringar, inkludert dei som omfattar u-helse, men får beskjed om å «ta oss saman» og tilbod om Botox i staden.