Gå til sidens hovedinnhold

No prøver fylket nok ein gong—med ei vekes forvarsel— å legge ned musikklinja ved Orkdal vidaregåande skole.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Da eg gjekk på musikk på Orkdal vidaregåande skole i Trøndelag, prøvde fylket fleirfaldige gonger å stenge ned musikklinja vår.

Ein meinte denne var for dyr, og at dei som var interessert i musikk heller kunne flytte til næraste by, Trondheim, og gå på skole der. Vi demonstrerte og laga protestkonsertar, og klarte å klamre oss fast kvar gong. Dei turte ikkje stenge oss.

No prøver fylket nok ein gong—med ei vekes forvarsel— å legge ned musikklinja ved Orkdal vidaregåande skole, og eg treng di hjelp til å skrive under eit opprop.

For meg var åra på musikklinja viktige. I dag, som relativt grå akademikar har eg fått uunnverleg publikumstrening, og det finst ikkje eit konferansepublikum der ute som er like røft som det du møter når du speler i pønkband på bygda.

Hjelp meg å skrive under mot sentralisering og for kulturliv i distrikta på denne lenka!

Kommentarer til denne saken