Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Stortinget har denne veka vedteke ei klar bestilling til regjeringa om å sjå på forbrukarane sine rettar når det gjelder gåvekort. Du har sjølv kanskje opplevd å ha fått eit gåvekort, men når du endeleg har teke det i bruk, er det allereie gått ut på dato, eller det er trekt peng ifrå kortet- etter at du fekk det. Fordi, nokre av kortselskapa trekk gebyr etter at kortet er seld. Og fordi vilkåra ofte ikkje står merka klart på kortet.
Slik vil vi ikkje ha det. Vi vil ha klare retningslinjer rundt gåvekort, både når det gjeld kva rettar ein har, for å hindre at slike usynlege gebyr kan bli trekt ifrå ditt gåvekort og for å sikre at kortet faktisk blir brukt før det går ut.
Justisministeren har bekrefta at dette er problemstillingar ho vil sjå på. I tillegg har Stortinget i dag sikra ei klar bestilling om kva vi som forbrukerpolitikarar meiner:
At regjeringa skal vurdere ei styrking av forbrukerane sine rettar ved erverv og bruk av gåvekort, vurdere innføring av eit forbod mot at dei som skrive ut gåvekort kan trekke gebyr ifrå kortet etter at det er seld og overlevert til kunden og å vurdere å innføre plikt til at dei avtalerettslege prinsippa som gjeld for gåvekortet, synleggjerast på sjølve kortet.
Når du får eit gåvekort til ei oppleving eller ein butikk skal det vere ei kjekk gåve. Da skal du ikkje trenge å lure på om beløpet faktisk stemmer og ha tryggleik på at dine rettar som forbruker også gjeld der.