Om du ikkje har sett studentengasjementet, har du ikkje sett godt nok etter

Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kvar laurdags kveld gjennom heile semesteret arrangerer Studentersamfundet i Trondhjem politiske Samfundsmøter. Dette har ein gjort sidan Samfundet vart oppretta i 1910.

Gjennom 110 år har studentane strøyma inn i Storsalen for la seg engasjera av viktige tema, og for å delta i debatten. Dette er unikt for Trondheim som studieby.

Mi oppfatning er difor at: Nei, Trondheimsstudentar og ingeniørstudentane er ikkje mindre engasjert enn andre.

Clemet skriv i sitt innlegg at ho har ei fornemming av at det er mindre politiske engasjement i Trondheim enn i andre byar. Som arrangør av politiske arrangement i byen opplev me tvert imot at engasjementet blant studentane i aller høgaste grad er tilstades. Eg finn det underleg at Clemet drar ei årsaksline frå dårleg oppmøte på arrangementa til Civita, til at studentane i Trondheim (meir spesifikt ingeniørstudentane) er mindre engasjert enn andre studentar.

Denne slutninga står i sterk kontrast med den oppfatninga Samfundet har av det politiske engasjementane til studentane i Trondheim. Me har dei siste åra vald å utvida vår politiske profil, fordi me opplev at etterspurnaden etter politiske arrangement er større enn det me klarte å dekka under våre Samfundsmøter.

Me oppretta difor ein eigen debattkomité, byrja å arrangera vekentlege Onsdagsdebattar, i tillegg til at me med jamne mellomrom arrangerer både politiske frukostar og lunsjar.

Eg skal på ingen måte skryta på oss at alle dei politiske arrangementa på Samfundet er fullsatte. Når oppmøtet er skralt går me i oss sjølv, diskuterer kvifor møta ikkje traff og tilpassar oss til neste gong.

Til tider ligg årsaka i marknadsføringa av arrangementet, men det hender også at me rett og slett bommar på tema og feilvurderer kvar studentane sine interessefelt ligg.

Når temaene ikkje treff studentane, betyr ikkje det at engasjementet ikkje er tilstades. Kanskje møtet berre ikkje var engasjerande nok?

Me synes det er flott at Clemet viser til at mange i Civita har positive opplevingar med politiske møter på Samfundet. Du skal bli invitert tilbake så snart me opnar igjen - då skal me gjera vårt beste for å motbevisa dine hypoteser om uengasjerte studentar, nok ein gong.


Kristin Clemet har satt i gang en større debatt om fraværet av politisk engasjement i Trondheim. Les hele debatten her:

Send debattinnlegg her «

Bli med i debatten i Trøndelag!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken