Politikk i domstolforvaltninga

Det kan ikkje vera nokon tvil om at forvaltningsorganet Domstoladministrasjonen i årevis har ønskt å redusere talet på tingrettar og jordskifterettar kraftig, skriv Jenny Klinge (Sp).

Det kan ikkje vera nokon tvil om at forvaltningsorganet Domstoladministrasjonen i årevis har ønskt å redusere talet på tingrettar og jordskifterettar kraftig, skriv Jenny Klinge (Sp). Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Innlegget «Domstoladministrasjonen følger Stortingets vedtak» er skrive av Bård Tønder, som er styreleiar i dette forvaltningsorganet, heretter forkorta til DA. Tønder er styreleiar i eit organ som ikkje har vorte evaluert på dei tjue åra det har eksistert, noko fleirtalet på Stortinget også nyleg sa nei til.

Det vart for brysamt å sjå DA nærare i korta. Det er då også enklare for Tønder å påstå at DA følger Stortingets vedtak når ingen har tenkt å sjekke sannheitsgehalten i dette.

Det kan ikkje vera nokon tvil om at forvaltningsorganet DA i årevis har ønskt å redusere talet på tingrettar og jordskifterettar kraftig. Det er ikkje nødvendigvis kritikkverdig at organet har hatt ein klar agenda om å sentralisere, men det er verdt å sjå på om agendaen deira har gitt seg utslag i påfallande ulike prioriteringar mellom ulike domstolar - og om dette har noko å seie for kor «levedyktige» somme av desse blir i framtidige sentraliseringsrundar.

Det er jo lettare å legge ned ein domstol dersom han på førehand er tappa for mannskap og andre ressursar. Ulike prioriteringar som DA og har gjort går på bemanning, digitalisering og kontorlokale. Det kan ha slått ulikt ut for domstolar DA har ønskt å behalde og domstolar dei har ønskt å legge ned.

Bård Tønder påstår i innlegget sitt at eg ikkje har hald i påstandane mine om korleis DA har heldt på, men allereie i juni viste eg til styrevedtak i DA gjennom åra som klart tyder på ein slik strategi.

I 2016 skreiv DA-direktør Urke ei sak til styret med tittel «Utredning av fremtidig domstolstruktur – begrensninger i økonomiske disposisjoner». Der stod det dette om domstolar som «antas aktuelle for strukturendringer»: «etablering av nye leieforhold bør unngås, og dermed også store utgifter forbundet med flytting av domstoler. Dette omfatter investeringer i nytt inventar og utstyr i rettssaler». Det står vidare at oppgraderingar og ombyggingar av lokala til slike domstolar ikkje er hensiktsmessig. Ved ledig stilling som domstolleiar ved desse domstolane er løysinga i styrepapira midlertidig tilsetjing eller felles leiing med ein nabodomstol. Og så vidare.

Dersom dette ikkje er å berede grunnen for framtidige nedleggingar, så veit ikkje eg. Vi finn fleire slike døme, og det er ikkje noko stortingsvedtak som ligg bak desse tiltaka. DA er altså oppsiktsvekkande proaktive. Dessutan har DA vore heilt rå på å presse gjennom felles leiing for domstolar, eit verkemiddel som i følge tidlegare justisminister Anders Anundsen frå Frp skulle nyttast berre i «særlege tilfelle».

Det er knapt noko særleg tilfelle at ein sorenskrivar ved ein av to domstolar i ein region går av med alderspensjon. DA har likevel gjort det til fast praksis å innføre felles leiing ved domstolar nettopp på grunn av dette. Vi i Senterpartiet har advart om at dette er eit første steg til nedlegging.

Vi har dessverre hatt heilt rett. Der det er innført felles leiing, har regjeringa no gjort framlegg om å legge ned den eine av dei to domstolane. I somme tilfelle er nedlegginga gjennomført allereie før reformforslaget. Sorenskrivar Frank Kjetil Olsen ved Senja tingrett har omtalt dette som «strukturendring etter pensjonsprinsippet».

Vi har pløyd gjennom styredokumenta frå DA vart oppretta i dag. Det kjem fram at DA har arbeidd for strukturendringar heile tida, men det er merkbart større trykk som følge av regjeringsskiftet i 2013 og ikkje minst frå då noverande styreleiar og direktør kom inn i systemet.

Tønder deltok i debatt mot Emilie Enger Mehl frå Sp på Dagsnytt 18 på NRK den 29/5 i år. Det handla om samanslåing av domstolar i Østfold. Dei nemnte styredokumenta viser tydeleg at dette temaet vart løfta fram av Urke første gong i 2015. Tønder sa derimot: «I begge disse tilfellene, både i Østfold og på Romerike, så har det vært lokale initiativ fra vedkommende domstol/domstoler(…)».

Då Tønder vart konfrontert med dei mange protestane mot samanslåingane, svarte han: «Jeg har ikke hørt om det og det er helt nytt for meg. Jeg vet det skal være noen dommere i Moss som har protestert. Det har jeg vært kjent med hele tiden». Men i høyringa hadde det vorte retta kritikk mot prosessen frå Advokatforeningen Østfold og Follo Krets, Advokatforeningen sentralt, Aremark kommune, Halden kommune og dommarane i Moss.

I styremøtet 12/12 2016 stod det i sakspapira, sak 16/49 Rapportering – direktørens resultatkrav 2016: «På det rettspolitiske området må det gjøres en innsats i forhold til å følge opp DAs forslag inn i de ulike partiprogrammene».

Eg veit ikkje om dette er å følge opp Stortingets vedtak, Tønder. Det er heller snakk om eit forsøk på å få Stortinget til å følgje DAs intensjon om nedlegging av domstolar. Og det kombinert med at DA heilt klart har lagt praktisk til rette for nedlegging av domstolar over fleire år.

Det kan hende alt dette er heilt greitt. Det bør i så fall uansett skje i eit ope landskap og med ein styreleiar som står inne for DAs styrevedtak også i det offentlege rom.

Send debattinnlegg her «

Bli med i debatten i Trøndelag!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken