Rått parti på Storheia

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Når Storheia-utbygginga no blir vurdert som sak for Høgsterett ligg det for samane på Fosen ei livsform, ein truga kultur, og eit språk i vektskåla. I den andre vektskåla ligg målsetjinga til Fosen Vind (det vil seie Statkraft, Credit Suisse og Trønderenergi) om å produsere energi dei kan tene mest mogleg pengar på. Denne parten har anka til Høgsterett fordi dei meiner dei i lagmannsretten vart dømde til å betale altfor mykje, (89 millionar) til samane for øydelagte vinterbeite. Samane har anka fordi dei meiner heile utbygginga er rettsstridig, at konsesjon aldri skulle vori gitt, fordi det er i strid med lovene våre og med menneskerettane.

Det er ikkje alt som kan kjøpast for pengar!

Det er 38 kvadratkilometer unik fjellnatur Fosen Vind har gjort om til industriområde med 59 kilometer veg, med 80 turbinar som er 87 m høge, og der rotorane har ein diameter på 117 m. Fram til utbygginga var dette fjellområdet vinterbeitet for reinflokken til Fosen Reinbeitedistrikt sør.

Eit øydelagt vinterbeite betyr at det blir umogleg å halde fram med reindrifta, der samane følgjer opp hundreårgamle tradisjonar, med flytting av dyra etter årstider, i nært samspel med naturen. Da er reindrifta meir enn ein næringsveg som gjev livberging. Eit farvel til Storheia er eit farvel til ei livsform, til det som var den meiningsfulle måten å leva på.

I desember 2018 kom det eit innspel som stødde samane si sak. På initiativ frå Sametinget bad CERD, rasediskrimineringskomiteen i FN, om stans i anleggsarbeidet, fordi det Fosen Vind dreiv med på Storheia kunne vera i strid med folkeretten, og meir presist konvensjonen om rasediskriminering. Men folkerett eller ikkje, olje og energiminister Freiberg og Erna Solberg fekk hjelp frå Regjeringsadvokaten til å be CERD trekke klagen. Det vart grunngjevi med formalitetar, at dette med menneskerettar burde komi fram tidlegare i arbeidet med saka.

Og regjeringa held fram med å bruke storslegga. Når ankeutvalet no skal avgjera om saka kjem opp for Høgsterett, går dei inn med Regjeringsadvokaten, eit juridisk maktapparat, på Fosen Vind si side. Rått parti!

Samane har kjempa i 15 år for å bevare vinterbeitet, for å få konsesjonen kjent ugyldig.

Den første tida stod dei nokså åleine. Manga meinte vindkraft nok var eit onde, men eit nødvendig inngrep for å få ned utslepp. Den gongen var det få som innsåg kor store natur-øydeleggingar slik utbygging eigentleg handla om. No veit folk , at turbin-felta liknar meir på industriområde enn på parkar, og viljen til å stå opp for den svake parten har vaksi seg sterk. Den svake parten her er alltid naturen sjølv, og ofte samane. Ein må da undra seg over at samane ikkje har fått meir merksemd og støtte frå media og folkevalde frå Trøndelag.

Det har no komi endringar som skal gje ein grundigare avgjerdsprosess for slike anlegg, med tidsfristar, og med meir demokratisk forankring. Medrekna dette og den opinionen vi har i dag vågar eg den påstanden at om prosjektet skulle starta opp i dag, ville Storheia vorti berga.

For urfolk og naturen si skuld burde Høgsteretten behandla saka og kjent konsesjonen ugyldig!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken