Gå til sidens hovedinnhold

Raudlista må få politiske konsekvensar

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Norsk raudliste er kanskje det viktigaste verktøyet forvaltninga har for å ta vare på artsmangfaldet. Landets fremste ekspertar på dei ulike artsgruppene deltek i å utarbeide denne lista, som blir oppdatert kvart femte til sjette år. På denne måten kan fagmiljøa følge med på tilstanden til norsk natur – og på effekten til dei tiltaka som blir satt inn mot naturkrisa.

Raudlista for 2021 blir lansert på onsdag 24. november. Denne gongen har 96 ekspertar på alt frå alger og sopp til fuglar og pattedyr bidrege med detaljerte vurderingar av bestandane til over 33 000 artar. Ut frå desse vurderingane plasserast artane i ulike kategoriar ut frå kva risiko dei har for å døy ut – dei langt fleste heldigvis i kategorien «livskraftig» (inga overvegande fare for at arten døyr ut med det første), men urovekkande mange havnar i dei truga eller nært truga kategoriane som fortel om reell utdøyingsrisiko i nær framtid. Vurderingane i 2021 er gjort for fleire artar enn noka anna norsk raudliste, og på grunnlag av det mest nøyaktige og omfattande talmaterialet nokonsinne. Alt ligg difor til rette for at me som nasjon kan gripa målretta inn for å stogga tapet vårt av naturmangfald, slik me har forplikta oss til både nasjonalt og internasjonalt.

Diverre blir ikkje raudlista alltid brukt som det nyttige verktøyet ho er. Dei langt fleste artane som var raudlista som truga eller nært truga i 2015 er framleis i faresone-kategoriane i 2021. Og sjølv om det finnest ei og anna solskinshistorie – både lirype og fjellrype har gått frå «nær truga» til «livskraftig» sidan sist for eksempel – så er det mange andre artar som i denne omgang blir oppjustert, inkludert fleire viktige norske signalartar.

Eit eksempel på dette er villaksen, som for første gong er oppjustert frå «livskraftig» til «nær truga». Noreg er det landet i verda med dei største bestandane av atlantisk laks, men tellingar av vaksne laks i elvene har vist ein nedgang i bestanden med 51% frå 1983 til 2019. I raudlistevurderingsteksten legg forfattarane i ekspertgruppa vekt på at dei største negative påverknadsfaktorane - lakselus og innkryssing av rømt oppdrettslaks – framleis ikkje er under kontroll.

Eit anna eksempel er nordflaggermusa, som er den vanlegaste og mest hardføre flaggermus-arten som finnest i Noreg. Denne har blitt oppjustert frå «livskraftig» i 2015 til «sårbar» i 2021, som følge av ein observert bestandnedgang på minst 32% dei siste tjue åra. Dette svarar til ein risiko på over 10 prosent for at arten døyr ut i løpet av dei neste hundre åra. Påverknadsfaktorane her handlar både om at gatelyslampene har skifta frå kvikksølvlamper til LED-lys, og ein nedgang både i overvintringsstadar og yngleplassar.

Desse eksempla er begge artar som det foregår aktiv kartlegging av, men det blir ikkje gjort for det store fleirtalet av Noregs knapt 60 000 artar. Her er det difor store mørketal, og mange artar som sannsynlegvis er i like sterk tilbakegang som laksen og nordflaggermusa blir ikkje fanga opp. Når me har sett studier frå lenger sør i Europa der insektmengda i naturreservat har gått tilbake over 70 prosent på under 30 år er det grunn til å tru at det kan vera kraftig tilbakegang hos mange artar i Noreg òg – men mange artar blir likevel kategorisert som «livskraftige» fordi me ikkje har konkrete prov på det motsatte.

Trass mørketala er raudlista det beste augeblikksbildet me har for tilstanden til norske artar, og det står ikkje bra til. Talmaterialet er tilstrekkeleg til å slå fast at meir enn ein fjerdedel av pattedyrartane, ein femtedel av billene og så mykje som ein tredjedel av fugleartane er i faresona for å kunne døy ut i løpet av det neste hundreåret. Når raudlista for 2021 blir lansert på onsdag kastar eksperkomiteane ballen over til politikarane og forvaltninga. Så er det opp til dei å sørga for at neste raudliste i 2027 blir hyggelegare lesning enn raudlista for 2021.

Kommentarer til denne saken