I dag er 127 av 334 jernbanestasjonar tilgjengelege for rullestolbrukarar. Av desse er berre 31 universelt utforma. Det er på høg tid at det blir laga ein langsiktig plan, slik at togtilbodet blir tilgjengeleg for alle.

Tog er ein av dei mest effektive måtane å reise på mange stader i landet. Det er òg meir miljøvenleg enn både bil og fly. At menneske med nedsett funksjonsevne blir stengt ute frå ein reisemåte dei fleste tek for gitt, er ein stor urett. Vi ønsker å reise kjapt og miljøvenleg, på lik linje med alle andre.

Enkelte meiner at det bør settast inn midlertidige tiltak på utilgjengelege stasjonar. Dette vil vi åtvare mot. Midlertidige løysingar er ikkje nødvendigvis billege for samfunnet, og kan bli ei kvilepute mot å gjennomføre endringar som gir full universell utforming.

Universell utforming kostar, men er ei nødvendig investering. Oppgraderingar til universell utforming skjer berre når togstasjonane uansett må bli utbetra. Når regjering og storting ikkje set av tilstrekkelege midlar til å oppgradere større delar av infrastrukturen, er dette eit uttrykk for at likestilling ikkje er viktig. Det er ikkje viktig nok at alle har likeverdig tilgang til ei av dei viktigaste transporttenestene.

Om styresmaktene meiner alvor med at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne bruke tog like lett som kven som helst, held det ikkje med kortsiktige planar. Vi meiner difor at det må utarbeidast ein plan av jernbanedirektoratet, som Samferdsledepartementet løftar i regjeringa, som Stortinget løyver midlar til, og som Bane Nor kan sette ut i livet. Det fortener klimaet, og alle vi som ønsker å bidra ved å reise med tog.