Gå til sidens hovedinnhold

Samarbeid, bruk og forvaltning av Steinkjerelva

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På Trønderdebatt og i Trønder-Avisa har Finn Rossing eit innlegg med overskrift «Sviket i Steinkjerelva». I innlegget blir Senterpartiet og særleg gruppeleiaren nemnt i nokså negative ordelag. Det som er fakta er at gruppeleiaren i Senterpartiet har deltatt i eit interimstyre som har hatt som oppgave å legge til rette for felles forvaltning av Steinkjervassdraget. Eg synes det er trist at eg som representant frå Steinkjer kommune, valgt av formannskapet, bortimot blir framstilt som å ha «tatt meg til rette» i dette arbeidet, på bekostning av Steinkjer jeger - og fiskeforening (SJFF).

Les også

Sviket i Steinkjerelva

Det kan sjå ut som at Finn Rossing blander korta her, for det er altså ingen motstrid mellom det arbeidet som no foregår for å få på plass felles forvaltning, og det å ha Steinkjervassdraget som fiske- og rekreasjonsområde. Alle ser den store og viktige jobben som SJFF har gjort gjennom mange år, og framover er vi heilt avhengig av godt samarbeid mellom grunneigarane i heile vassdraget, SJFF og alle som trives med å besøke og bruke elvene våre. Men vi må likevel ha ein klar og tydeleg rollefordeling!

Steinkjervassdraget har tre elvesoner - Ogna, Byaelva og Steinkjerelva. Ogna har ein lang elvestrekning med mange grunneigarar. Byaelva som er strekningen frå Reinsvatnet og til elva møter Ogna har fire grunneigarar. Den nedste delen av vassdraget er Steinkjerelva. Denne strekningen har kun 1 grunneigar, og det er Steinkjer kommune.

Det er slik at «forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk» påleggrettighetshaverane i laksevassdrag å etablere eit forvaltningslag for vassdraget. Formålet er å sikre god rettighetshaver-organisering og forvaltning av fiskeressursane i vassdraget. Dette er altså ei organisering som grunneigarane er pliktig til å gjennomføre. Det gjeld sjølvsagt også da Steinkjer kommune som altså er einaste grunneigar for Steinkjerelva.

Hausten 2020 vart det valgt eit interimsstyre med 2 representantar frå Ogna og to frå Byaelva, og for Steinkjerelva vart Bjørn Ludvig Bergsmo frå politisk nivå og dåværande landbrukssjef Pål- Krister V. Langlid oppnemnt som kommunen sine representantar i interimsstyret. Dette gjennom vedtak i formannskapet i oktober 2020. Så når Finn Rossing seier at «…politikerne presterer så å sette inn gruppeleder fra Senterpartiet i interimstyret for vassdraget» så veit han godt at det var formannskapet som behandla saka, og valgte kommunen sine grunneigar-representantar.

Interimsstyret som har hatt Ole Petter Riis (Byaelva) som leiar, har hatt ansvar for å:

  • utarbeide forslag til vedtekter for forvaltningslag og fastsette andeler etter gjennomført høring
  • innkalle til stiftelsesmøte og innstille styrerepresentantar

Interimsstyret har laga forslag til vedtekter, som i sommar har vore ute på høring , og det blir i løpet av hausten i år stiftelsesmøte der det mellom anna skal veljast eit styre med fem medlemmer. Vedtektene som er utarbeidd legg også opp til å ha eit representantskap med i alt 9 medlemmer. Steinkjer kommune for sin del har pr. no ikkje avklart kven som skal representere Steinkjer kommune/Steinkjerelva i det nye styret (ein plass) og i representantskapet (to plasser).

Les også

Det var en gang en laksefisker

Kommentarer til denne saken