Det kjennast litt uverkeleg at det er krig i Europa, at eit sjølvstendig europeisk land blir invadert av Putin-regimet. For eit par veker sidan var ikkje situasjonen slik. Mange av oss tenkjer no at vi burde ha sett tidlegare kva dei stygge måla til denne «Stalin junior» i Russland er og sannsynlegvis har vore heile hans presidenttid. NRK sin tidlegare reporter i Russland gjennom mange år, Hans Wilhelm Steinfeld, gir eit lærerikt innblikk i Putin og Russland i podkasten til Verdibørsen om «De mektige».

Vi prøver no å få samfunnet i normalt og betre gjenge etter to år med pandemi og så får vi altså denne nye usikre situasjonen, det kjenner mange av oss, barn, unge og eldre, at er ein ny mental påkjenning. Det er nok nødvendig for den psykiske helsa å ta lengre pausar frå krigsnyheiter som strøymer på med store overskrifter og sterke inntrykk om krigens brutalitet. Det kjennast så nært og vi er naturleg nok uroleg for at NATO skal og må bli involvert for å forsvare NATO-land.

Pandemien kravde krisehandtering i kommunane og også vi i Saniteten fekk erfare at det er lett å få frivillige til å stille opp i ein situasjon som handlar om liv og helse. Og samarbeidet mellom offentleg og frivillig/sivil sektor fungerte godt under organiseringen av massevaksineringen. NKS samlar no inn, uvanleg nok, pengar til Røde Kors og førebur for mottak av flyktningar og styrking av lokalsamfunna.

Til alle som kjenner uro og kanskje angst i denne tida, så er det verdt å minne om erfaringar som er gjort under pandemitida, men også frå tida som nokon av oss har høyrt direkte frå foreldre og besteforeldre som erfarte andre verdskrig, at samhald og samarbeid på alle nivå og i små og store fellesskap vert styrkja når sjølve eksistensgrunnlaget, demokratiet, nasjonen og liv og helse er trua av ein felles fiende, enten det er frå eit bittelite usynleg virus eller bitte små menneske som Hitler eller Putin.

Vi ser det i givarvilje til organisasjonar som jobbar for ukrainere i krig og på flukt. Og vi ser det i den tverrpolitiske viljen til å ta imot mange flyktningar frå Ukraina til Norge. Og eg trur vi vil sjå det om det kjem mange flyktningar til våre kommunar, at folk ønsker å bidra frivillig for å gje ukrainere ein god kvardag her inntil dei kan og vil vende tilbake til heimlandet. Putin har kanskje ein sjanse til å vinne krigen militært, men han vil ALDRI vinne freden.

Vi ser det i ein rekordrask einigheit og felles fordøming og mobilisering mot Putin-regimet frå Europeiske land, EU, NATO og dei fleste nasjonane som deltok i FN sitt tryggingsråd og generalforsamling.

Den reelle sanninga om kva Putin-regimet gjer gjennom krigen sin brutalitet i Ukraina og påfører også det russiske folket og heile verda gjennom denne meiningslause krigen, den sanninga vil nok etter kvart trenge igjennom til fleirtalet av det russiske folket etter årevis med Putinstyrt propaganda og løgn. Løgner som også har komme igjennom til oss og påverka for eksempel det amerikanske valet og bidratt til polarisering i vestlege land.

Men no samlast vi på tvers av politiske forskjellar, interessekonfliktar, lokalsamfunn, nasjonar og verdsdelar mot ein felles fiende og tydelege trussel mot alt vi verdset og er glad i. Vi ser kor raskt det vert mobilisert når det verkeleg gjeld. Vi kan sjå på det håpefulle som ligg i dette for den unge generasjonen si framtid.

Vi har trass i både det eine og det andre av små og større konfliktar, tillitsbrot, urett og usemje, ein samla og kjær demokratisk nasjon, eit samla Norden og Europa. Det er utruleg kva utfordringar som kan løysast når vi menneske samlast om felles mål og kjenner at vi står, ikkje i ein individuell kamp, men i ein felles kamp og innsats for ei god framtid. Og i alt dette nye og usikre kan vi faktisk kjenne ein ny styrke og glede.

I 1895 såg det ut til å skulle bli krig mellom Norge og Sverige fordi Norge ville bli meir sjølvstendig frå unionen. Heldigvis var kreftene mot krig størst på begge sider av grensa og nordmenn slapp ein stygg krig med broderfolket. Men denne trusselen om krig, vart starten på Norske Kvinners Sanitetsforening der hensikta var å samle inn sjuke- og nødmateriell til hæren. Saniteten og frivilligheten har fått ny aktualitet og nye roller å spele. Og mottoet er det same no som ved oppstarten i 1895:

I de små ting fridom
I de store ting semje
I alle ting kjærleik

Velkommen med oss!