Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er jo eigentleg litt sjukt korleis kapitalen berre kan bestemme korleis vårt felles offentlege rom skal vere.
Dei dumpar tonnevis med elsparkesyklar i byen og set opp ein festival med 18.000 folk midt i eit bustadområde utan varsel.
Eg er ikkje så oppdatert på kulturlivet, eg er ikkje det. Så det kom som ei overrasking at det plutseleg var Neon-festival i nabolaget på Lademoen.
Eller, det verka som det var i stua mi. Sjølv det beste frå Bose klarte ikkje å stenge ute alle Toyota'n-til-Magdi-ane frå Karpe på fredag. Og når eg gjekk ut var eg i livsfare for å bli køyrd ned av ungdommar som fyllekøyrde på elsparkesykkel på veg til festival.
«Halla, balla, fløtt deg!» ropte dei til meg.
Er det nokon som gir løyve til sånt? Kommunen? Eg les i Adressa at det blir Neon-festival neste år også. Oppfordring til Neon: Send ut nabovarsel neste gong, eller gi oss gratis billettar i det minste!