Gå til sidens hovedinnhold

Sikkerheitspolitkk – ei sak for valkampen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I lengre tid har spørsmålet om vi kan føle oss trygge eller ikkje berre handla om korona og vaksine. Det er ikkje rart vi har vori opptekne av dette, men i valkampen bør det også vera naturleg å diskutere den tryggleiken som handlar om å ta vare på freden i Norge og i vårt hjørne av verda.

Regjeringa har vori svært raske til å peike på Russland når det er tale om den auka spenninga vi opplever. Resepten deira er som før avskrekking og krigstrening saman med allierte. Regjeringa vil ikkje sjå at dette heller aukar enn dempar spenninga. Vi treng ei ny regjering som innser dette. Folk med det perspektivet kan finne nye vegar for kommunikasjon, og føre ein politikk som kan redusere spenninga.

Å vera næraste nabo til ei stormakt er ikkje berre enkelt. No har rett nok naboskapen vår med Russland gått bra, tvers igjennom både verdskrig og kald krig, til og med. Men slike naborelasjonar krev klokskap av styresmaktene. Dei må kunna sjå og forstå «den andre», og samstundes vera i stand til å ta godt vare på eigne interesser og sjølvstende.

Dei som utforma den norske basepolitikken greidde dette på ein bra måte. Norge vart med i NATO i 1949, men gjennom reservasjonar som «ikkje utanlandske basar i Norge i fredstid» og «ikkje atomvåpen på norsk jord» markerte vi eit visst sjølvstende innan alliansen, samstundes som vi viste naboen i aust at vi tok omsyn til deira sikkerheitsinteresser.

Dagens regjering under Erna Solberg har ikkje følgt ei slik line. Dei påstår at dei ikkje har gått bort frå basepolitikken, men dei endringane som er gjort gir i alle fall NATO, og først og fremst USA ein fastare plass og meir armslag i Norge. Dermed får dei også friare hender i nordområda. Tilgangen amerikanske ubåtar får til ei hamn ved Tromsø er enda eit steg i retning av at havet i nord blir ein arena der stormaktene føler kvarandre på tennene.

Ein klok tryggingspolitikk ville teki inn tanken om korleis dette blir opplevd av motparten. Regjeringa si blinde tru på avskrekking ser ut til å blokkere for dette. Når NATO har førstebruk av atomvåpen som eit alternativ, er det forståeleg at russarane reagerer og kan bli urolege av ein aukande og meir nærgåande NATO-aktivitet i nord. Truleg er basane på Kola heilt avgjerande for at Russland skal ha ei sikker andreslagsevne. Deira motsvar kan så gi argument for enda skarpare tiltak frå vestleg side.

Dette primitive og livsfarlege spelet atommaktene har gåande, der stormaktene trugar kvarandre (og verda) på livet for å skremme frå å starte dommedag, er dermed også ei sak som er svært relevant i ein norsk valkamp. Ikkje minst når scenen no meir enn før er vårt eige nærområde. At kontakten mellom vestlege land og Russland har vori minimal etter 2014 er med og gjer situasjonen ekstra kritisk. Ei lita misforståing kan få alvorlege følgjer.

Sanksjonane mot Russland som Norge var med på i 2014 da Krim vart okkupert, var ein naturleg og korrekt reaksjon etter eit slikt brott mot folkeretten. Men i dag, sju år etter, verkar det ulogisk at sanksjonane framleis er der; ingen trur vel for alvor at Russland skal angre seg og trekke seg ut. Når det internasjonale politiske systemet manglar eit rettsapparat, kan saker som skulle vori oppgjort bli til proppar i systemet, som hindrar viktig kontakt og kommunikasjon.

Ei ny norsk regjering kan komme med eit utspel som kan bidra til å løyse opp i den låste situasjonen. Som ein nær nabo som treng å kommunisere godt med Russland, blant anna i samarbeidet om ressursforvalting og redningsoppdrag i nord, er det ikkje unaturleg at Norge tek dette første steget. Ei ny regjering kan lettare få dette til utan at det verkar som eit tilbaketog. Og det vil vera eit grep som er samsvar med den andre grunnpilaren i tryggingspolitikken: «beroligelse».

Sist, men ikkje minst bør ei ny regjering sørgje for at landet vårt sluttar seg til FN-traktaten om forbod mot atomvåpen. Dette vil vera i godt samsvar mad basepolitkken, det vil truleg ha stor støtte i folket, og det vil kle landet som deler ut Nobels fredspris.

Kommentarer til denne saken