13. mars går eit stort steinras i lia nord for Snåsakroa ved Snåsavatnet og E6 blir sperra i heile breidda. Flaks gjer at ingen liv går tapt, heldigvis går raset på natta. Vi som bur på nordsida av Snåsavatnet har fleire gonger opplevd steinsprang og ras, fleire gonger så store steinmassar at bilar ville blitt knust hvis dei hadde blitt treft.

Etter siste raset ringjer eg prosjektleiaren i Statens vegvesen for å høyre når vegen vil bli opna og korleis skoleungane våre skal stelle seg. Da får eg til svar «vi opnar ikkje vegen før vi er 100 prosent sikre på at det ikkje går fleire ras». Vegvesenet bruker geologar for å undersøkje fjellet. Ein månad seinare, onsdag 13. april, går eit nytt ras. Det har også gått nye ras etter det.

Hendinga viser at Vegmyndighetene ikkje har kontroll i det heile tatt. Det einaste dei synleg har gjort for å hindre nye steinmassar å rase ut på vegen, er å sikre fjellet 20–30 meter opp langs ein kort strekning. Det er jo berre som ein drope i havet. Heile fjellet er fleire hundre meter høgt og E6 går langs foten av fjellet nesten to kilometer. Lokalkjente som har gått oppi ura seier der ligg fleire steinblokker på mange tonn som dei berre kunne løyst med eit spett. Og Vegvesenet seier dette er trygt!

Sjølvsagt handlar dette om kostnader. På nasjonal transportplan (NTP) var det tidlegare lagt opp til å borre/sprengje tunnel gjennom heile fjellet. Den planen er lagt vekk/skyvd ut i tid i ny NTP.

Men firefelt motorveg, det har dei råd til å byggje lenger sør i fylket. For at velståande folk skal komme seg fortare på hytta. For det er omtrent den einaste «gevinsten». Tungtrafikk og godsfrakt har avgrensa gevinst, da dei uansett har fartsgrense på 80. Ifølgje Vegdirektoratet (uttalelse frå 2019) er det ikkje lønnsamt med firefelts veg ved årsdøgntrafikk under 20 000 bilar, langt over dagens trafikkmengd på E6. Det tek 1000 år å byggje 1 centimeter matjord. Å skyve vekk fleire meter med matjord for å gjere plass til ein 4-felts veg ingen har strengt tatt bruk for, det tek berre nokre timar og dagar.

Tenk på Vestlandet, der er det slikt terreng som ved Snåsakroa over alt. Og tenk på mange av fylkesvegane som vi gjerne høyrer om i vårløysinga. Nyleg har vi fått høyre at over 271 norske bruer har skader som kan påverke bereevna og må repareres (Nrk.no, 3. mars). Stortingspolitikaren Erling Sande (Sp) har sjølvsagt heilt rett når han seier at vi må bremse dei store vegprosjekta og heller bruke meir pengar på å halde ved like dei vegane vi har.

Legg ned Nye vegar AS, gløym store vegbyggingsprosjekt med fire felt og 110 km fartsgrense og bruk heller pengane på vedlikehald og sikring av vegar. Og begynn straks med omfattande sikring av E6 ved Langnesberga, eller bor tunnel gjennom fjellet. Livet til skoleungane våre, trailersjåførane og alle dei andre bilistane som køyrer hovudvegen gjennom Norge kvar einaste dag er viktigare enn at personbilar skal komme seg nokre minutt fortare fram mellom Steinkjer og Trondheim.