Gå til sidens hovedinnhold

Sjølvforsyninga må bli høgt prioritert!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det ekstremværet vi ser meir av no har vi i 20-30 år blitt åtvara om ville skje dersom vi ikkje klarte å redusere klimagassutsleppa. Det har vi ikkje klart og konsekvensane byrjar vi å merke. Den siste klimaforskningsrapporten fortel oss at vi må ruste oss for meir av det ekstremværet vi har sett som med flaumen i Tyskland og tørken i sentrale landbruksområder i California. Det er eit alvorlig perspektiv!

For landbruket her var det krevende med tørkesommeren på Austlandet i 2018. I år auka matvarepriser kraftig både pga pandemien og klimaendringer, det same har tørke og svoltkatastrofer på verdsbasis. Russland har skattelagt korneksporten for å sikre forsyninga på heimemarknaden.

Vi må nok dessverre forvente meir av dette. Vi kan ikkje stole på den globale marknaden for vår eigen mattryggleik. Sjølvforsyninga i Norge må opp! MDG sitt mål er 60 prosent sjølvforsyning innan 2030. Gjenoppbygging av stølsdrift er eit av tiltaka MDG foreslår og vil sørge for at mjølkekvoter blir statlig fordelt og at stølsbrukarar og det lokale ressursgrunnlaget blir prioritert. Så til senterungdommen og andre kritikarar: Vi grøne elsker stølskua!

Senterpartiet og Bondelaget er medansvarlige som sentrale aktører gjennom mange år for «stort, større størst, vinn eller forsvinn»-landbrukspolitikken. Det er ein villa utvikling.

Om ein skal følge Vedum sin retorikk, så er det kanskje fordi Bondelaget har hovedkontor innafor ring 3 i Oslo og ikkje skjønar seg på distriktsutfordringane? 112.000 gårdsbruk som er lagt ned sidan 1970 er ein feil utvikling i forhold til å sikre reell sjølvforsyning på norske ressursar over heile landet og forhindre fraflytting.

Nokon skal drive stort, men MDG meiner det er på høg tid å prioriterte dei små og mellomstore bruka og la fleire hender og engasjerte, driftige unge sleppe inn i landbruket og bidra til ein allsidig matvareproduksjon og foredling. MDG vil:

  • sørge for meir tilskot og investeringsstøtte til mindre bruk.
  • forsvarlig reversering av mjølkekvotetaket og fjerning av mjølkekvotebørsen.
  • fleire hender i landbruket, framfor fleire og større maskiner og einingar.
  • meir areal- og grovfortilskot.
  • redusere import av kraftforråvarer som soya.
  • fjerne momsen på frukt, grønt og bær.
  • mindre matmakt til kjedene og meir lokal foredling og salg.
  • bygge opp beredskapslagre for korn og såvarer.
  • verne matjorda framfor å bygge firefelts motorveg igjennom Innherred.

Bøndene har det viktigaste samfunnsoppdraget og enda viktigare blir dette oppdraget i møte med klimaendringene.

MDG vil prioritere bøndene og auka sjølvforsyning høgt! Det hastar!

Kommentarer til denne saken