Dei fleste nordmenn meiner at ein bør la være å drikke alkohol når ein er saman med barn. Ved ei ny nordisk undersøking «Alkoholindex 2021» – svara 91 prosent av nordmennene at det er feil å være alkoholpåvirket når ein er saman med barn. Omtrent 85 prosent av svenskene og finnene svara det same, medan under 70 prosent av danskene meinte det same.

Jamvel om dei fleste nordmenn vil la være å drikke alkohol når dei er saman med barn, er det ein del som nyt alkohol også når dei er saman med barn. Ofte er alkoholkonsumet stort på ferieturer. På utenlandsreiser er det ofte lett tilgang på billig alkohol.

IOGT er ein rusførebyggande organisasjon. IOGT Region Midt-Norge, som dekker Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland, har no standard fleire stadar i regionen. Det vert særleg fokusert på alkoholkonsumet i sommerferien og den utryggleiken mange barn opplever i den sammenheng. Sommerferien skal gje eit avbrekk frå kampdagen og gje gode minne for resten av livet. Det gjeld like mykje for barn som for voksne, men dessverre er det ikkje alltid slik.

Mange barn har dårlige ferieminne på grunn av drikkinga til foreldra og andre voksne. Sommeren er høgsesong for foreldrefyll i Syden, og kvart år høyrer vi om små barn som må klare seg selve fordi foreldra er overstadig rusa. For barn er det skremmende opplevinger, som dei ikkje bør bli utsett for. Barna sine behov for tryggleik bør alltid komme i første rekke.

Ei undersøking utført av Ipsos MMI syner at 23 prosent av alle nordmenn opplevde andre foreldre ruspåvirket saman med barn sist dei var på sommerferie. Vidare seier 13 prosent at dei selv var rusa. Ved ei anna spørreundersøking oppgjev fem prosent at dei så besteforeldre alkoholpåvirket saman med barn. Barn trivst best med edru voksne, og dei merkjer snart endringene i framferden hos dei voksne når dei har drukke.

Tal frå Folkehelseinstituttet fortel at minst 90 000 norske barn har foreldre som misbruker alkohol. Det treng ikkje være alkoholisme eller fyll før eit barn opplever det som utrygt å være saman med voksne med promille. Eit par glas er nok til at det skjer små endringer i framferden hos den som drikk. Barn merker endringene mykje raskere enn den voksne selv. Barn er ikkje opptatte av mengda som vert drukke, men konsekvensen av inntaket. Mange voksne som drikk saman med barn, tenkjer nok ikkje på at barna synes det er utrivelig.

Derfor vil IOGT minne alle om at det er best å tenke seg om to gongar før ein drikk alkohol når ein er saman med barn på ferie. Dei beste opplevingene har ein saman, og barn trivst best saman med edru voksne.

IOGT vil ynskje alle ein god ferie uten alkohol!