GJESTEKOMMENTAR
Viss Sogndal vil visa at dei verkeleg støttar Eirik Bakke, må dei gå imot sitt eige mantra denne eine gongen.
«Alle spelarane våre er til sals viss prisen er rett». Dette mantraet er like mykje ein del av blodet til Sogndal Fotball som «stao no pao».
I dei aller fleste tilfelle med rette. Klubbens eksistens – både sportsleg og økonomisk – på toppnivå er bygd på å vera ein mellomstasjon.
Ambisiøse fotballspelarar skal koma til Fosshaugane, levera og utvikla seg over ei viss tid, før dei til slutt går vidare. Håpet er at klubben i løpet av denne tida skal få eit sportsleg utbyte frå desse, eit utbyte som skal vera av ein slik karakter at laget er i nærleiken av Eliteserien kvar sesong.
Deretter må spelaren etter kvart få gå vidare, helst der Sogndal sikrar seg ei god økonomisk pakke.
I dei fleste tilfelle kan ikkje klubben gå vekk frå dette. Sogndal vil aldri få spelarar som Igoh Ogbu, Martin Ove Roseth og Daniel Eid viss dei plutseleg bryt denne kulturen og lovnaden. Økosystemet på Campus kan ikkje rokkast ved viss det framleis skal bli spelt proffotball nærast mot naturlovene i ein arm inst i Sognefjorden.
Men ingen regel utan unntak. Viss Sogndal vil visa at dei verkeleg støttar Eirik Bakke og hans prosjekt, må dei gå imot sitt eige mantra denne eine gongen.
Dei bør ikkje selja Sivert Mannsverk til Rosenborg.
Det er fleire grunnar til dette, som Bakke sjølv har peika til Sogn Avis. Heile lagets spelestil er bygd opp rundt Mannsverk. Vingbackar, offensive midtstopparar, tre mann i front. Det er eit komplekst og krevjande system. Éin mann syr det saman, med overblikk, presisjon og klokskap. Sivert Mannsverk.
Sogndal toler å mista Tomas Totland. Han skal etter planen bli erstatta av ein venstrefotar. Dei toler til ein viss grad å mista Igoh Ogbu òg. Holet etter forsvarskjempa blir stort, men typen – stor, sterk, brutal midtstoppar – finst det fleire av. Sivert Mannsverk-ar dukkar ikkje opp ofte. Går han ut no blir det Bakke, Marius Bøe og Rune Bolseth har bygd opp dei siste 13 månadene rive i betar. Er det verd det?
Signaleffekten til dei andre spelarane vil vera kritisk. Dei fleste i stallen er nok budde på at nokre vil forsvinna etter den gode fjorårssesongen. På same tid ser dei at dette laget – med nysignerte Kristoffer Nessø og truleg eit par mann til inn – kan kjempa om direkte opprykk også i år. Viss Mannsverk er der. Kva tenkjer Roseth, Eid og dei andre om lagets beste spelar reiser? Gidd dei ein sesong eit stykke bak dei beste?
Sogndal bryt heller ingen lovnader til Mannsverk ved å halda på han ei stund til. Spelaren er 18 år, kom sjølv og banka på døra i klubben då han var 14, og har berre spelt to sesongar på a-laget. Årdølen er heller ikkje typen til å krevja ein overgang, sjølv om det er naturleg at han blir freista av interessa frå Lerkendal. Mannsverk er så god at alt tyder på at han vil få ein strålande karriere, uansett.
Me bør òg sjå litt på framgangsmåten til Rosenborg i denne saka. Goliat durar på som han vil. Kanskje ikkje så overraskande med tanke på korleis dei behandlar klubblegende Pål André Helland og vår eigen Gustav Valsvik, men uansett:
- Det første bodet – med ei totalramme på rundt fem millionar, altså etter eit bestemt tal kampar og kvalifisering til Europa – blei vurdert til å vera eit skambod på Campus. Sogndal tykte dette var så langt unna spelaren sin verdi at dei ikkje såg poenget med å forhandla ein gong. Rosenborg har vore tydelege på kor sterkt dei ønskjer Mannsverk og kor god dei tykkjer han er, så kvifor baud dei då så lite? For å setja grillar i hovudet på spelaren. Først to veker seinare hadde trønderane styremøte for å finna ut om dei faktisk har pengar til overgangen.
- Det har dei. Men Åge Hareide tykkjer situasjonen er vanskeleg, sidan Sogndal seier at han ikkje er til sals. Tenk, dei har ikkje lyst til å sleppa sin beste spelar og lagkaptein.
Eirik Bakke går snart på sin sjuande sesong som hovudtrenar for Sogndal. Det har gått opp og ned, men han har vore ekstremt lojal mot klubben sitt mantra.
Han mista Petter Strand etter opprykket i 2015. Laget hadde los på å ta 1988-rekorden med beste plassering i Eliteserien året etter, det håpet rauk då Babacar Sarr gjekk til Molde om sommaren.
Planen om å rykkja rett opp att blei avskilta etter éin (1) serierunde i 2018, då Even Hovland på overgangsvindauget sin siste dag blei seld til ... Rosenborg. Den ganske triste 2019-sesongen var faktisk litt mindre trist ein liten periode på seinsommaren, men så blei toppscorar Sigurd Haugen seld til Belgia – like etter at både Martin Ramsland og Ole Amund Sveen stakk sin veg.
Alt i tråd med klubben sitt mantra. Alle sala var rett. Sogndal kunne ikkje forsvara ovanfor verken seg sjølv eller spelarane å ta eit anna val, sjølv om det garantert svei – og gjorde jobben til Bakke vanskeleg.
Denne gongen bør det vera annleis. «At Sivert Mannsverk blir i Sogndal er heilt rett for han no», skreiv dagleg leiar Rasmus Mo i dette lesarinnlegget 20. januar. Eg reknar med at det er tyngde bak eit slikt utsegn.
Styreleiar Jan Rune Årøy uttala i august at klubben no er rigga på ein slik måte at dei ikkje lenger er avhengig av spelarsal for gå i økonomisk balanse.
Sogndal treng ikkje å selja Sivert Mannsverk. Dei 10-11-12-13 millionane Rosenborg truleg byr innan kort tid er verd mykje, men det finst gode argument for at verdien er endå større ved å halda på han. Klubben kan fort få dei same summane i sommar eller etter sesongslutt. Då med eit eventuelt opprykk på kjøpet.
Det er god business, det.
Eirik Bakke veit sjølv korleis det er vera ettertrakta som ung spelar. Rosenborg ville henta han då han var 19. Pappa og sportsleg leiar Svein sa nei. Eirik høyrde etter, og fekk i staden draumeovergangen litt seinare.
No er det klubben som bør høyra etter. Dei bør støtta Bakke, og stå imot denne eine gongen.
Denne kommentaren sto opprinnelig i Sogn Avis, og er i dette overgangsvinduet på utlån til Trønderdebatt. -red.