Gå til sidens hovedinnhold

Spelet om kalkressursane i Verdal

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er tilløp til panikk bak kulissene i Verdal for tida. Og fleirtalsaktørene i Verdalspolitikken, AP og SP, skuldar på kvarandre for den usikre situasjonen salet av Værdalsbruket har skapt. Regien over areala, naturen og ressursene i Verdal er det ikkje demokratiet, innbyggjarane og lokalpolitikerene som har, det ser det ut til at Gjelsten dynastiet AS får som har bygga kapitalmuskler på handtering av spesialavfall og fått store aksjeoverskot på det naturlige behovet for puter og tak over hovudet til heilt vanlege folk både før og under pandemien.

Dette kom brått på dei fleste av oss og tornerosesøvnen er over etter omlag 100 år med Storebrand, mange av åra på ulovleg grunnlag, som eigar av Værdalsbruket. For det er slik at AS-selskap kan selgje og kjøpe svære landeigedomar seg imellom. Værdalsbruket er riktignok konsesjonsbelagt. Men her finnes åpenbart hol i systemet og lokale og nasjonale politikere bør ha det travelt med å tette desse no. Ellers kan dette bli ein nasjonal skandale av dimensjonar. Slik det ser ut no så er det fritt fram for høgstbydande enten det er McDonald AS eller JinYang AS, til å forvalte 60% av Verdal sitt landareral. No vart det heldigvis romsdalingen Gjelsten. Men kva vil han med Verdal?

Eg trur lokalpolitikere flest ynskjer lokalbefolkningen i kommunen vel, uansett kva parti ein er i fra. Vi grøne er i opposisjon og har ytra oss kritisk og stemt med vår eine stemme imot kommunale reguleringsplaner som for all framtid gir store selskap alt dei vil ha kva gjeld mineralressurser i Verdal. Og vi har vore kritisk til kva denne politiske velviljen kunne skape av interesse fra internasjonale selskap. Det har ikkje mangla på åtvaringar gjennom 10-15 år. Likevel har både Verdal AP og SP lagt ut gulerøter, eller indrefileten, for å vera meir politisk korrekt, til kapitalsterke selskap. AP først i posisjon som vedtok kommunedelplanen i 2013 og så SP som med sitt fleirtal vedtok detaljplanen for Tromsdal i 2020. Om AP og SP visste før 2013 og 2020 at Gjelsten skulle ha interesse for Værdalsbruket , er det ikkje då sannsynleg at vedtaka ville ha vorte annleis, slik MDG stemte og argumenterte for? Men gulerøtene er ete og det nyttar ikkje å gråte over spilt mjølk eller krangle om kven som har skulda for ein situasjon som skaper uro blant folk i Verdal. Dei fleste av oss er enig om at det trengs ein rask endring av konsesjonslova for AS, slik at ein ikkje risikerer at norske landområder kjem i utlanlandsk eige, slik realiteten allereie er for eit skogsområde i Namdal.

Vi har etterkvart fått så mange døme, ikkje minst dei siste stortingsperiodene med dagens regjering som har svekka mandatet til miljøfullmakta, men også gjennom mange år med politisk næringsomsyn framfor naturomsyn til å påpeike at dårlig natur- og arealforvaltning er dårlig for demokratiet og ikkje minst for dei komande generasjonane. Det er på tide med nye politiske koster som har andre prioriteringer og målsettinger enn “jatakktilalt”- ideologien til dei tradisjonelle partia.

Det demokratiske problemet viser seg i for eksempel motstanden mot planer og konsesjoner som er gitt til vindkraftanlegg i fjellområda våre og i reinbeitedistrikt, motorveg-utbyggjingar over tusenvis av dekar matjord og verneområder, konsesjoner til oppdrettsanlegg overalt som truer vill-laks og rekefisket, dumping av gruveavfall i på artsrike fjordbotnar osv. Styringspartia har over alt for mange år hatt veldig god råd til å øydeleggja naturen i Norge. Dette kan ikkje fortsetje og det er MDG garantisten for; natur og klima er førsteprioritet i vår politikk. Tydeleg offentlig regulering og lovendringar er nødvendig. Og i dette storsalet av Verdal sin utmark må kommunal forvaltning få konsesjonshandsame salet og få handa på rattet. Ellers er det kritisk.

Folk er bekymra for å tape meir av naturen som mange har eit nært forhold til. Gårbrukarar må kunne bruke utmarka. Mange unge er bekymra for framtida si og klimasituasjonen.

Det er ikkje godt nok med“business as usual” og den “usynlege handa” i 2021. Det illustrerer Gjelsten sitt kjøp av Værdalsbruket ganske godt.

Slepp til nye politikarar og ny politikk ved neste stortingsvalg! Det hastar!

Kommentarer til denne saken