Statuen som framstiller ein engelsk soldat står på feil plass

Denne statuen reist til minne om britiske soldater som falt i kamper ved Krogs gård 21. april 1940, den første trefningen mellom britiske og tyske bakkestyrker i andre verdenskrig, har skapt stor debatt.

Denne statuen reist til minne om britiske soldater som falt i kamper ved Krogs gård 21. april 1940, den første trefningen mellom britiske og tyske bakkestyrker i andre verdenskrig, har skapt stor debatt. Foto:

Av

Alle sandvollingar, både dei som bur i bygda og dei som er utflytta, burde fått nabovarsel i denne saka.

DEL

MeningerDet ble først publisert en feil versjon av dette innlegget. Dette er senere rettet.

Dersom statuen er tenkt å vera ein symbolsk takk for at engelskmennene kom til Norge for å slåss mot dei tyske okkupantane, burde han stå på ein meir offisiell minnestad, til dømes på Kroghbakken ved Steinkjersannan. Men dersom tanken bak er å takke og ære dei engelske soldatane som fall i kampane 21.04.1940, må den rette staden vera der det allereie er etablert ein lokal minnestad, ved Krogs. Krogs vart bomba av tyske fly, fem engelskmenn mista livet, og garden brann ned.

Å vera presis når det gjeld stad og hendingar er viktig for at monumentet skal få den funksjonen det er tenkt å skulle ha. Også lokalhistorisk er plasseringa viktig. Unge i dag og framtidige generasjonar må få rett beskjed om krigshandlingane på Sandvollan, kva og kor. Endeleg må det vera rett overfor folket på Krogs at minnet kjem nær garden der tragedien skjedde.

Plassert på haugen ved kyrkja blir statuen eit fremmendt element, som grip forstyrrande inn i ei 850 år gammal forteljing om forholdet mellom kyrkja og garden og bygda. Eg er forundra over kor ettersleppande kommunen og fortidsminneforeininga har vori i denne saka. Dette burde ikkje dreie seg om lovparagrafar og kven som har rett og makt til å gjera kva. Alle sandvollingar, både dei som bur i bygda og dei som er utflytta, burde fått nabovarsel i denne saka. Lovene opnar ikkje for slikt, men ein bør prøve å komme fram til ei ordning fleirtalet i bygda kan einast om. Da er nok ein litt utvida minnestad ved Krogs det beste alternativet.

Det handlar om det offentlege rommet ved eit klenodium av ei middelalderkyrkje dette. Det legg eit ekstra ansvar på dei involverte partane. Dei må finne ei løysing i saka, ei løysing som inneber respekt både for dei falne, og for den fine gamle kyrkja. Ho bør framleis få stå uforstyrra der oppe på haugen.

Artikkeltags