Eg har ein ven på vel 80 som trass i litt teknologi-redsle har lært seg å bruka grunnfunksjonar på den berbare PC-en sin. Gjennom Facebook held han kontakt med vener og kjende over heile landet. Han har lært å senda e-post, ta imot og senda bilete og mykje anna som gir omskifte og meining i dagleglivet. Han har lita tiltru på eigen kompetanse, men med hjelp frå vener no og då, greier han seg heilt fint heime.

Så hadde han eit uhell og fekk opphald på eit velferdssenter for opptrening etter ein skade. Ettersom han friskna til lengta han etter å koma tilbake til e-post og Facebook og heile internett-verda. Eg trudde at personalet sikkert kunne hjelpa han med oppkopling, men det viste seg at dei færraste tilsette greidde å hjelpa han trass i god vilje. Venen greidde heller ikkje sjølv å læra, så eg reiser på besøk og loggar han inn så ofte eg kan.

På det såkalla gjestenettet til Trondheim kommune, som finst på institusjonane må ein registrera seg og søkja om nytt passord for kvar dag. Eg ser dessverre at dette er for vanskeleg for ein gjennomsnittleg pasient eller tilsett. Eg ser i praksis at korkje venen min eller dei tilsette greier å få rutine på dette. Derfor må venen min greia seg utan internett dei fleste dagane. Ein søndag reiste eg inn for å hjelpa, og då låg heile nettet nede utan at dei tilsette visste det. Eit ustabilt nett kan vera forklaring på ein del av problema.

Eg veit godt at eldreomsorg er krevjande, vi kan ikkje venta omsorgssentera har ekspertar på datahjelp, eg er ikkje ute etter å klaga. Eg vil berre skildra eit problem eg har møtt og foreslå at kommunen ser på det. Derfor sjekka eg kva kommunens eldreplan 2016–26 seier om saka. Svaret er at det finst to knappe setningar der om at strategi manglar. På spørsmål om saka seier IKT-avdelinga i kommunen at dei har høyrt om problemet, men ikkje har løysingar.

Eg gjer framlegg om at kommunen lagar ein strategi for korleis vi eldre kan få dra mest mogleg nytte av datateknologi. Den burde vera lett tilgjengeleg både heime og på omsorgsheimar. Kanskje kunne frivillige hjelpa på situasjonen med praktiske og ikkje-tekniske løysingar. Internett og alt det som ligg der er ein stor ressurs for god eldreomsorg på mange måtar.