Treng vi taxfree-ordninga?

Duty Free sign at airport shop

Duty Free sign at airport shop Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Både IOGT Region Midt-Norge og KrF meiner at ordninga med taxfreesal av alkohol og tobakk bør revurderast.

IOGT Region Midt-Norge meiner at det finst svært mange gode grunnar for å avvikle taxfree ordninga, som gjeld at ein mellom anna kan kjøpe rimelegare alkohol når ein tek fly. Det er ingen gode grunnar til at folk som reiser med fly til utlandet, skal kunne kjøpe rimelegare alkohol enn andre.

Taxfree-ordninga er med og aukar bruken av det helseskadelege rusmiddelet alkohol, det vanlegaste rusmiddelet i Noreg. Eit rusmiddel som er eitt av dei mest alvorlege trugsmåla mot folkehelsa. Rundt 10 prosent av all alkohol nordmenn konsumerer blir kjøpt med taxfree-rabatt, i følgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Kristeleg Folkeparti (KrF) går no også i mot denne ordninga i sitt forslag til nytt partiprogram. KrF grunngjev dette med omsynet til klima, folkehelse og rettvis fordeling.

Taxfree-ordninga tappar statskassa vår for ca tre milliardar kroner kvart år. Dei fleste andre land i Europa har for lengst avvikla taxfree-ordninga på flyplassane.

Taxfreeordninga er ei usosial og urettferdig ordning, som gir spesielle fordelar til folk som reiser mykje med fly. Det finst ei lang rekke samfunnsområde der tre milliardar kroner ville ha kome heile befolkninga til gode langt meir rettferdig, anten i form av generell avgiftslette, eller i form av betre tilbod t.d. innanfor helse og omsorg.

Helsestyresmaktene ønskjer at innbyggjarane i Noreg skal redusere bruken av alkohol og tobakk, og på den andre sida så vert det då subsidiert sal av desse varene. Det er ei statleg sjølvmotseiing!

Send debattinnlegg her «

Bli med i debatten i Trøndelag!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken