Er det greitt om Norsk vegansamfunn får offentlege midlar for å spreie eigne vrangførestillingar om norsk matproduksjon og landbruket vårt? Nei. Derfor er det ikkje trist og leit at Statsforvaltaren i Agder nyleg har avslått søknaden deira om støtte som trus- og livssynssamfunn.

Tidlegare leiar i Norsk vegansamfunn, Samuel Rostøl, uttalte til Nettavisen 27. juli 2020 at dei ønskte slike midlar for å kunne «konkurrere med kjøttlobbyen». 1,5 millionar kroner var summen dei håpa på den gongen for å kjempe mot norske bønder, meieri og slakteri.

Les også

Er ikke vegetarianere vanlige folk?

La meg gjera det klart: Folk får eta det dei vil, det gjeld sjølvsagt også veganarar. Når eg kritiserer Norsk vegansamfunn, er det fordi dei gjer norsk husdyrhald og inntak av kjøtt og mjølk til ein fiende dei vil vinne over. Dei vil gjera dette ved å fortelle ting som ikkje er sant om norsk landbruk og om korleis det norske samfunnet kan vera sjølvberga med mat.

Organisasjonen fremmer ein ideologi der alt dette er fy-fy: Kjøtt, fisk, egg og mjølk, samt bruk av ull, silke, pels, dun og skinn. Å ha hund som del av familien er heller ikkje greitt ifølge somme. Og viss ein først skal ha hund, må hunden berre få plantekost.

Vi lever i ei verd der mange søker etter nye kosthaldsvariantar. Noko er botna i eller utviklar seg til spiseproblem. Ei meir avslappa haldning vil vera godt for mange. Ekstreme variantar av kosthald og levesett er ikkje svaret for god helse verken mentalt eller fysisk.

Sjølvbergingsgraden vår som nasjon – evna til å brødfø den norske befolkninga både i fredstid og i krisetider – er heilt avhengig av husdyrhaldet. Årsaka er at det aller meste storparten av landbruksarealet vårt berre kan brukast til å dyrke gras. Og beitemarka ikkje er eigna til anna enn nettopp beiting. God tilgang på gras og beitemark gir oss naturgitte føresetnadar for å produsere mjølk og kjøtt. Norsk vegansamfunn meiner at nordmenn flest kan gå over til eit vegansk kosthald og likevel ha tilgang på nok mat i krisetider.

Faktum er at det er umuleg å dyrke nok proteinhaldige vekster til menneskemat for alle innbyggarane her til lands. Norsk vegansamfunn klarar på forunderleg vis å fortrenge at vi menneske ikkje kan eta gras eller beite i utmark. Det kan derimot kua, sauen og geita, som omdannar energien til kjøtt og mjølk som gir mat til oss menneske. Det er slik vi nordmenn har overlevd i generasjonar. Det er også berre slik vi kan overleva i nye generasjonar. Alternativet er å importere ekstreme mengder mat og slik gjera oss sjølve svært sårbare for sveltekatastrofar i krig og krisetider.

NMBU har forska på dette. Svaret er at 6,5 millionar dekar utanlandsk jord ville gått med til produksjon av mat til ein nasjon av norske veganarar. Ville det vore solidarisk og fornuftig?

Matvareberedskap er rett og slett for viktig til å tulle med. Derfor er ideologien til Norsk vegansamfunn ikkje noko å satse verken offentlege midlar eller framtida vår på.