Når ordføraren i Verdal nå vil opne opp for at Verdalselva ikkje lengre skal ha vern, er han på line med fleire andre som tenker at det er nødvendig med meir produksjon. Dette bygger på feilslutninga om at det er mangel på kraft som har ført til det prissjokket som Sør-Norge har opplevd i 2021.

Nord for Dovre og Sognefjorden (prisområde NO3 og NO4) har det ikkje vore spesielt høg pris med unntak av einskilde dagar. Dei fleste politikarar og kraftbransjen vil ikkje snakke om er samanhengen mellom eksport og pris.

Les også

Verdalselva i rør?

Prissjokket i 2021 har direkte samanheng med at kapasiteten for eksport har auka kraftig ved at kablane til Tyskland og England er sett i drift. Dette har gjort at prisnivået der nærast har flyte fritt inn i Norge og sendt marknadsprisen opp. Det er som om du opnar opp vindauge og dører; Det blir ikkje varmare ute, det blir berre kaldare inne.

Så til spørsmålet om vi trenger meir nedbygging av natur for å fase ut fossil energi i Norge. I utgreiinga til Motvind Norge, Energi på naturens premisser, er det vist at sjølv med utfasing av fossil energi kan vi likevel få eit overskot av kraft utan naturinngrep. Eit viktig tiltak er ein effektiv innsats for frigjering av energi frå bygg og industri. Fleire stiller spørsmål til dette og viser til kor lite som er oppnådd i alle dei åra Enova har gjeve støtte til slike tiltak. Då er det grunn til å framheve følgande:

  1. Vi har hatt ein forhaldsvis låg pris på elektrisitet som har gjort at mange tiltak ikkje har vore lønsamme. Når rekneskapen viser at energikostnaden ikkje har gått opp, er det lite insentiv til å sette i gang tiltak for sparing. Derfor er det klart at skal det blir meir sparing må lønsemda for sparing bli betre.
  2. Norge har eit normalt overskot på elektrisitet på ca 15 TWh. I 2020 var netto eksport på 20 TWh, og i 2021 enda vi opp med 17,4 TWh. Kva er då målet med sparing? Er det for at Norge skal auke auke eksporten? Slik det er nå er det ikkje mangel på elektrisitet som hindrar utfasing av fossil energi i Norge. Då er det heller ikkje så lett å få folk med på å spare av omsyn til klima.

Så bør ein kanskje nemne ein siste grunn om stoda i Norge. Dei fleste har god økonomi og sjølv med høg pris held mange seg med høgt forbruk både til hus og hytte. Med god kjøpekraft er det sannsynleg at vi vil få eit forbruk som uansett vil ha konsekvensar for klima.

Det er liten tvil om at det er kraftbransjen som har hatt størst innverknad på korleis energipolitikken har vore dei siste tretti åra sidan Energiloven vart endra. Samtidig som kraftbransjen tener grovt på EU-prisar i Norge, støttar dei elektrifisering av sokkelen og vil ha datalagring og hydrogenproduksjon. Sjølvsagt gjer dei dette for å sikre at prisen held seg høg, men det som då blir sagt er at om vi får endå meir produksjon, då vil prisen gå ned.

Det er denne forteljinga fleire politikarar nå har bite på, og som gjer at dei vil få folk med på å godta naturtap i bytte mot meir energiproduksjon. Når fleirtalet har sett kva den dramatiske vindkraftutbygginga har ført med seg, tenker fleire stortingsparti at nå skal vi godta at verna vassdrag ikkje lenger har noko vern.

Naturvernforbundet i Trøndelag lovar at vi skal stå på i kampen for naturverdiar både i fjellet og vatnet.