Gå til sidens hovedinnhold

Vi støttar Bondeopprør21!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Bondeopprør21 handlar både om dei strukturelle grepa landbruket har vore utsett for, og manglande godtgjering for arbeidet og den stadig aukande driftskapitalen som krevst for å nå måla samfunnet set. På -70-talet vart det slått fast at inntekta i landbruket skulle opp på nivå med industriarbeidarløna. Så langt kom ein aldri, sjølv med finurlege berekningsmåtar for å få fine tal. Likare vart det ikkje med den kraftige liberaliseringa Solberg-regjeringane sette i verk frå 2014. Auka kvote- og konsesjonsgrenser skulle gi auka inntekter, men har først og fremst auka kapitalkravet. Saman med importlette for matvarer har det auka avskalinga frå næringa. I snitt gir to bønder opp drifta kvar dag.

Landet er langt

I store delar av landet ligg jord og gardar spreidt, og let seg ikkje «rasjonalisere». Det same gjeld mykje av husdyrhaldet: Sjølv ikkje Erna har klart å automatisere ei lamming eller kalving; bonden må vere til stades og handtere kvart enkelt individ på rette måten der og då, dag eller natt. Slik er det også med beitedrift og stell av kulturlandskapet. Alt i alt aukar arbeidet med større drift, men det viser seg at ein har stadig mindre att: Prisauken for maten bonden produserer følgjer ikkje i heile tatt kostnadsveksten, og lønsevnen går ned for dei fleste produksjonane. I snitt er reell timeløn under minsteløn i næringa.

Bondeopprør – ikkje berre «rør»

Talgrunnlaget for jordbruksoppgjeret er etter Bondeopprør21 sitt syn mangelfullt og det framlagde resultatet skil ikkje mellom vederlag for arbeid og vederlag for kapital. Kravet er at kapitalen vert trekt ut og gitt forrenting. Vidare er kravet å reversere strukturtiltaka for å sikre produksjon også der det ikkje er arealgrunnlag for vekst, og å oppretthalde drift og føreta nødvendige investeringar også på dei mindre bruka. Pengar og politikk heng saman! Mat skal vi ha, også i framtida. Då trengst matjord i god hevd, då trengst kompetente bønder og då trengst løn for strevet!

Kommentarer til denne saken