Gå til sidens hovedinnhold

Viktig innlegg frå John Færseth

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Takk til John Færseth for ein oppklarande artikkel.

Det eg vil framføre, kan vera på sida av det han behandler, men det er inspirert av det han skriv her:

«Og ved å ikke å dekke protestbevegelser på en måte folk som følger med, kjenner seg igjen i, åpner man for at folk vender seg til RT og andre propagandamedier i stedet, slik Klassekampens Mari Skurdal skrev i januar i år».

Eller dei kan vende seg i meir moderate retningar, for eksempel til Senterpartiet, viss protestrørsler, protesthaldningar eller rett og slett haldningar bortafor visse hovudstads- og akademikarmiljø blir sett ned på.

Altså: Ja tilEEC/EF/EU har site i veggane på NRK iallfall sia 1970. Og i dei kultur- og samfunnsprogramma som eg følgjer, er det vanleg å definere Brexit og trumpismen som eitt og same fenomen – dette kan ein høyre i dei tallause tilfella i slike program der desse to fenomena blir uttala på same pust. Det er ikkje snakk om at venstreorienterte eller progressive kan ha hatt noko med Brexit å gjera.

Ein kan merke ein tydeleg liberal tendens i NRK og andre hovudstadsmedia – som NRK er. Ein merkar det på mangt, men ikkje minst det at når dei – ofte – tek for seg høgreekstreme fenomen, så har dei ein vane med å føye til ja, på venstresida, óg. Eller dei nyttar ofte formuleringa: høgre- og venstreekstreme, som om det gjeld eit balansekrav henta frå fysikkfaget utan å sjå at politiske retningar er historiske fenomen med særskilte måtar å opptre på.

Ein bør ikkje sjå Baader-Meinhof på høglys dag.

Eg trur at mange tilårskomne venstresidefolk – som meg – blir oppgjevne over dei viktige media og difor kjem på leit etter andre kjelder. No finst det jo nok av dei på nettet; verda er open, ein skulle kanskje bryte vanen med å lite så mykje på NRK og store aviser. Og ein treng ikkje å vende seg til diktatortypar som Putin, Assad eller Trump for det.

Når det gjeld Ukraina, er det vel mange som reagerer på at det høgreekstreme og fascistiske elementet ikkje har fått særleg merksemd – utan at ein dermed ønsker at den siste omveltninga i landet skal framstillast som fascistisk. No verkar det som om landet er ein slags mønsterdemokratisk utpost mot det Mørke Riket. Mange er bekymra over den mentale opprustinga mot Russland. Ein kan vera Russlandsversteher utan å vera Putinversteher.

Færseth uttrykker ønske om at det han tek opp, ikkje blir stempla som marginalt.

Eg sluttar meg sterkt til det ønsket, for det finst nokre skumle tendensar på venstresida. Men da opnar det seg eit stor område: Kva er venstresida? Fagrørsla, dei viktigaste venstreorienterte media og partia er ikkje prega av ekstreme tendensar. Men kva er venstresida, og kva er att av den sia syttitalet? Venstresida er ikkje lenger ei sterk og nokså eintydig rørsle i samfunnet, og dermed blir det meir plass for forvirra einskildpersonar og problematiske einskildtiltak.

Kommentarer til denne saken