Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Statens vegvesen har ansvar for å organisere drifta og vedlikehaldet av riksvegane, mens driftsentreprenørane, som vi inngår kontraktar med, har ansvar for å utføre arbeidet. Med bakgrunn i kontraktskrava tek entreprenørane avgjerder om tiltak som må gjerast. Kontraktane set mellom anna krav til utstyr og tidsfristar for brøyting og strøing. Statens vegvesen gjennomfører stikkprøvekontrollar for å sjekke at entreprenørane gjer oppgåvene i tråd med krava i kontraktane.
Riksvegane er delt inn i vinterdriftsklassar frå A til E. Rv. 3 gjennom Østerdalen har driftsklasse C. Val av klasse blir bestemt ut frå mellom anna trafikkmengde. Vinterdriftsklasse A og B er for dei mest trafikkerte vegane. Dei skal i hovudregelen vere frie for snø og is. Vinterklassene C, D, og E har mindre trafikk og ligg ofte i område med stabilt kalde vintrar.
I haust endra vi vinterdriftsklassen for rv. 3 frå B til C. Vinterdriftsklasse C er vanleg på riksvegar med tilsvarande trafikkmengde og vêrforhold som på rv. 3. Døme på vegar med vinterdriftsklasse C er E6 gjennom Gudbrandsdalen, E16 gjennom Valdres og rv. 7 gjennom Hallingdal. Ei samanlikning av trafikkmengda mellom rv. 3 og E6 viser at på E6 forbi Fåvang passerer det 7000 køyretøy i døgnet. Av desse er 1190 vogntog. Tilsvarande tal for rv. 3 forbi Koppang er om lag 3200, av desse er 930 vogntog. Ein annan grunn til at rv. 3 no har vinterdriftsklasse C, er at vi er nødt til å redusere bruken av salt. Avrenning frå vegsalt skadar mellom anna drikkevasskjelder, innsjøar og vassdrag.
Vinterdriftklasse C inneber at vegbanen skal vere fri for is og snø i periodar med lite nedbør og/eller temperaturar ned til ca. – 6 grader. Då brukar entreprenøren salt ved behov. I tillegg er det viktig å salte før snøfall. Salt gjer at snøen ikkje festar seg til vegbana. Då er han lett å brøyte bort, og det motverkar at det legg seg issåle. Salting før snøvêr, preventiv salting, er svært effektivt. Statens vegvesen oppmodar entreprenørane sterkt til å gjere dette, også på rv. 3. Det er naudsynt med god kunnskap om salt, korleis det verkar og tolking av vêrvarselet for å få eit godt resultat.
Ved temperaturar under ca. – 6 grader kan vegar med vinterdriftsklasse C ha hardt, jamt snø- og isdekke. Då blir vegen grusa ved behov. Krav til framkomelegheit og trafikktryggleik er det same om det er vinterdriftsklasse B eller C. Minimumskravet til friksjon, dvs. kor glatt vegen kan vere, er óg det same.
Rv. 3 er delt inn i roder. Driftsentreprenøren må dimensjonere seg med nok brøytebilar innanfor kvar rode for å tilfredsstille kravet til syklustid som er fastsett for kvar vinterdriftsklasse. Syklustid vil seie kor lang tid brøytebilen har på seg til han skal vere attande til utgangspunktet. Er utgangspunktet Alvdal, må brøytebilen vere attande på Alvdal innan 2,5 timar, som er syklustid for brøyting på rv. 3. For salting og grusing er syklustida tre timar.
Statens vegvesen jobbar kvar dag for at vegane skal vere trygge. Samstundes veit vi at vinteren kan vere krevjande og utfordrande. Difor set vi krav til dei som skal drifte vegane, og sørger for tett oppfølging slik at tilstanden på vegen blir slik vi krev i kontraktane med driftsentreprenørane. Til slutt vil vi minne om at alle trafikantar har eit ansvar for å tilpasse farten og køyre etter forholda. Det inkluderer óg å ha dekk som tilfredsstiller krav til å køyre på norske vegar vinterstid.