Gå til sidens hovedinnhold

What's in a name?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«What’s in a name? That which we call a rose / By any other name would smell as sweet».

Det seier William Shakespeare. I Halldis Moren Vesaas sin språkdrakt: «Kva er eit namn? Den blom vil kallar rose/visst angar like søtt, kva namn han bar».

Det spelar altså eigentleg ingen rolle kva eit kulturhus heiter – eller kva ei gate eller veg heiter. Likevel er namnesaker den typen saker politikarar elskar høgast av alt. I slike saker kan dei utvise eit stort engasjement, argumentere ufatteleg presist, demonstrere djup innsikt og vere sikre på brei interesse frå veljarane. Utan at det har den minste budsjettmessig konsekvens.

Les også

Hvis vi skal kalle kulturhuset Jakob, skal vi da kalle samfunnshuset Svein?

Namnesaker engasjerer skribentar også – vanlege folk, forfattarar og sjefredaktørar. Det er litt vanskeleg å følgje sjefredaktør Rossing i T-A 24.november. Han syns nok ikkje kulturhuset skal heite Jakob. Eller?

«Egentlig er ikke navnet det dummeste – for det er både snertent og gjenkjennelig».

Men nei: Kommunen må «stoppe Jakob-navnet». Kulturhuset kan ikkje heite Jakob, meiner Rossing, fordi Weidemann «betyr lite for mange». Det er ein litt underleg argumentasjon, all den tid kultursjefen nettopp ikkje foreslår Weidemann som namn. Kanhende Rossing syns Jakob er for inkjeseiande? Og så da? «Andre kulturhus heter forholdsvis intetsigende ting som 'Kilden', 'Spiren' eller 'Kimen'. Det kan kanskje høres teit ut». men det blir bra på sikt, seier Rossing, «fordi folk assosierer navn og bygg med innholdet som skapes.». Og der er vi samde, Rossing og eg.

Sjølv har eg ingen sterke meiningar om kva det nye kulturhuset skal heite («what's in a name»). Noen har meint at eit godt namn bør seie noko om kor vi finn huset. Gateadressa blir Jakob Weidemanns gate 3. «Kulturhuset jevetre» er litt kinkig å seie, men «JW3» kan sjå fint ut grafisk på veggen, på trykk og på nettet.

«Kall meg Frognertrikken», sa Odd Eidem.

Les også

Isberget er navnet på fanklubben til Tromsø fotballklubb og har lite å gjøre i Steinkjer

Les også

Navn på kulturhuset i Steinkjer

Kommentarer til denne saken